Vi søker erfaren molekylærbiolog til sentral rolle i vårt akkrediterte laboratorium

Stilling
Senior laboratoriemedarbeidar
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Blue Analytics AS er eit laboratorium akkreditert etter ISO/IEC 17025.

Vi leverer molekylærbiologiske analysar med høg kvalitet og driv samtidig med forsking og utvikling.

No søkjer vi ein erfaren laboratoriemedarbeidar som vil vere den metodefaglege krafta i rutineproduksjonen vår.

Hovudtyngda av stillinga ligg i produksjon, og du får i tillegg bidra i utvikling av nye metodar og prosjekt innan F&U.

Vi ser etter deg som trivst med stabil drift, har djup teknisk innsikt og er oppdatert innafor molekylærbiologiske metodar.

Arbeidsoppgåver Rutineproduksjon (hovudtyngda av stillinga)
  • Utføre og ha metodisk ansvar for molekylærbiologiske rutineanalysar, mellom anna sanntids-PCR, digital-PCR og sekvensering

  • Håndtering av pipetteringsrobotar og anna automatisert utstyr

  • Vere fagleg støtte for kollegaer og bidra i opplæring

  • Kvalitetskontroll, avvikshandtering og dokumentasjon etter ISO/IEC 17025

  • Identifisere og føreslå forbetringar og effektivisering i analyseflyt og metodar

  • Rapportering av resultat til kunde

    Forsking og utvikling

  • Teknisk metodeutvikling, optimalisering og implementering av nye analysar

  • Planlegge og gjennomføre verifisering og validering av metodar

  • Bidra i F&U-prosjekt og overføring av nye metodar til rutinedrift

  • Arbeidsmengda varierer gjennom året.

  • I periodar vil oppgåvene i hovudsak vere knytte til produksjon.

Kvalifikasjonar Krav
  • Mastergrad i molekylærbiologi eller tilsvarande relevant utdanning

  • Minimum 6 års erfaring frå rutinelaboratorium

  • Solid praktisk erfaring med sanntids-PCR og sekvensering

  • Erfaring med validering og verifisering av metodar

  • Erfaring med laboratorierobotar og automatisering

  • Erfaring med teknisk metodeutvikling

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (minimum B2-nivå) og engelsk

Det er ein fordel med

  • Erfaring frå akkreditert laboratorium (ISO/IEC 17025 eller tilsvarande)

  • Erfaring med LIMS

  • Erfaring med primer/probe design for PCR

  • Erfaring med digital-PCR

  • Erfaring med fylogenetiske analyser

Personlege eigenskapar
  • Du er nysgjerrig, ser problem før dei blir store og finn kreative løysingar

  • Du trivst med rutinearbeid og tek eigarskap til at drifta går stabilt

  • Du er strukturert og nøyaktig, med sans for kvalitet og dokumentasjon

  • Du er fleksibel og kan prioritere produksjon når situasjonen krev det

  • Du deler kunnskap og er ein trygg fagperson for kollegaer

  • Du er ein pådrivar og sørger for at påbegynte oppgaver vert gjennomført

Vi tilbyr
  • Ei sentral rolle med stort metodisk ansvar i eit akkreditert laboratorium

  • Variasjon mellom stabil rutinedrift og spennande utviklingsprosjekt

  • Kompetente kollegaer og eit fagleg sterkt miljø

  • Moglegheit for fagleg utvikling og kurs

  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter