Røkter i Herdlefjorden
Som røkter hos oss blir du satt til å løyse spennande utfordringar saman med andre røktarar i teamet i Herdlefjorden. Ingen dagar er like og du vil møte mange ulike utfordringar. Du får følge heile produksjonen frå den vert frakta frå land og satt i sjø, videre ut gjennom produksjonen, og fram til slakt, samt alle operasjonar som er nødvendig før, under og etter eit utsett.
Som røkter vil du kunne få ulike ansvarsoppgåver knytt til produksjon og drift av eit anlegg. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men samtidig bistå andre om nødvendig. Produksjon av fisk er ein biologisk prosess og mykje kan endra seg fort. Fleksibilitet og evne til å prioritere rett er viktig. Dersom dette høyrast spennande ut, oppmodar me deg til å søkje!
Me har ein lokalitet i Herdlefjorden med ørret, Kjeppevikholmen. Fôring på lokaliteten vert i hovudsak styrt frå ein fôrsentral i Øygarden av dyktige operatørar som du vil arbeida tett med. Fôrsentralen er avhengig av god forståelse av situasjonen på merdkanten og deira utstyr må fungere. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom lokaliteten og fôrsentralen slik at alle kan få større innsikt, spele kvarandre gode og hjelpe kvarandre.
Evne til samarbeid, løyse utfordringar, kommunisere og tileigne seg ny kunnskap er viktig for å jobbe som røkter. Me trenger fleire som kan være med å løfte dette samarbeidet og styrke dette teamet. Kanskje er du den me ser etter?
Arbeidsoppgåver- Røkting av ørret
- Drift av eit oppdrettsanlegg
- Planlegge arbeidsoppgåver og løyse ulike utfordringar
- Registrering av data og rapportering
- Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ønskeleg
- Relevant arbeidserfaring er naudsynt
- Forståelse for biologi og teknologi
- Gode evner til å kommunisere og samarbeide
- Strukturert, sjølvstendig og god på planlegging av arbeid
- Evne til å ta til seg kunnskap og lærdom av andre, samt formidle vidare
- Arbeid i ei framtidsretta og spennande næring
- Ein arbeidskvardag med både biologi og teknologi
- Eit godt arbeidsmiljø i vakre Herdlefjorden
Ved eventuelle spørsmål til stillingen, ta kontakt med Robert Mikkelsen. Tlf: 56 38 50 60.