Vil du vere med og finne gode løysingar for landbruket i Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger?

Stilling
60% vikariat som rådgjevar
Lokasjon
Eikelandsosen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. nov.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Bjørnafjorden landbrukskontor søkjer ein engasjert og sjølvstendig rådgjevar til eit 60 % vikariat i eitt år, med oppstart snarast mogleg. Det kan bli aktuelt med forlenging.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med spennande faglege problemstillingar, tett kontakt med landbruksnæringa og høve til å påverke utviklinga av landbruket i regionen.

Om arbeidsplassen

Bjørnafjorden landbrukskontor er eit interkommunalt samarbeid som utfører landbruksforvaltninga for Bjørnafjorden, Tysnes og Samnanger kommunar.

Vi arbeider med eit breitt spekter av oppgåver innan jordbruk, skogbruk, arealforvaltning og naturressursar. Kontoret har tett kontakt med landbruksnæringa og ei viktig rolle i å sikre både aktiv landbruksdrift og langsiktig forvaltning av landbruksressursane.

Vi er eit lite og godt fagmiljø med brei kompetanse, korte avgjerdsvegar og stor takhøgd for faglege diskusjonar. Vi samarbeider tett, deler kunnskap og hjelper kvarandre med å finne gode løysingar.

Arbeidsstad er Os eller Eikelandsosen etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

Du vil arbeide med ulike oppgåver innan kommunal landbruksforvaltning, mellom anna:

  • Sakshandsaming etter jordlova og anna relevant landbrukslovgiving.
  • Faglege vurderingar og uttalar i plan- og byggjesaker.
  • Rettleiing og dialog med bønder, grunneigarar og andre aktørar.
  • Andre aktuelle oppgåver innan landbruksforvaltning, ut frå kompetanse og behov.
  • Vi fordeler oppgåvene i fagmiljøet etter kompetanse og kapasitet. Du vil difor få høve til å bruke dine sterke sider og samtidig utvikle deg innan nye fagområde.

    Kvalifikasjonar

    Vi ønskjer at du har:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan landbruksfag eller juridiske fag.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil.
  • Det er ein fordel om du har:

  • Kjennskap til jordlova og anna landbrukslovgiving.
  • Relevant praktisk erfaring frå landbruk eller landbruksrelatert arbeid.
  • Erfaring med tilskotsforvaltning.
  • Erfaring med offentleg sakshandsaming, utgreiingar og vedtak.
  • Kjennskap til landbruket og utfordringane næringa står overfor.
  • Personlege eigenskapar

    Vi ser etter deg som arbeider sjølvstendig, tek initiativ og likar å finne praktiske og gode løysingar. Du må kunne gjere faglege vurderingar, samarbeide godt med andre og møte innbyggjarar på ein open og profesjonell måte.

    Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til å bidra positivt i fagmiljøet vårt.

    Vi tilbyr
  • Ein variert og meiningsfull jobb tett på landbruket.
  • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø der vi spelar kvarandre gode.
  • Stor breidde i arbeidsoppgåvene og høve til fagleg utvikling.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
  • Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

    Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.

    Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter