Vil du vere med og skape ein god skulekvardag for ungdom?

Stilling
Undervisningsstilling ved Fusa ungdomsskule – 100 % vikariat
Lokasjon
Eikelandsosen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
29. nov.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Fusa ungdomsskule søkjer ein engasjert lærar til eit 100 % vikariat fram til sommaren 2027.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til gode læringsmiljø, fagleg utvikling og trivsel for elevane våre. Hos oss blir du ein del av eit inspirerande fagmiljø med engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet.

Om arbeidsstaden
Fusa ungdomsskule ligg sentralt i Eikelandsosen, mellom fjord og fjell. Skulen er moderne og flott, med idrettsanlegg og fleirbrukshall like ved.
Skuleåret 2026–2027 har vi om lag 150 elevar og eit utviklingsorientert og humørfylt personale.

Arbeidsoppgåver
- Undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet.
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning.
- Oppfølging av elevar og samarbeid med føresette og kollegaer.
- Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet. 
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kompetanse i eitt eller fleire av faga skulen har behov for, er ein fordel.
Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest i tråd med opplæringslova.

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein lærar som:
- Er ein tydeleg og trygg klasseleiar.
- Byggjer gode relasjonar til elevar og vaksne.
- Er fagleg engasjert og open for nye arbeidsmetodar.
- Er fleksibel, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner.
- Har interesse for pedagogisk utviklingsarbeid.

Skulen sine satsingsområde og kompetansebehov

Skulen har særleg fokus på trygge og gode skulemiljø, fagleg og sosial utvikling, lesing og språk.
Vi har særleg behov for kompetanse innan:
- Spesialpedagogikk og individuelt tilrettelagd opplæring (ITO).
- Norsk.
- Engelsk.
- Naturfag.

Søkjarane blir vurderte ut frå skulen sine behov og personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- 
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Faglege og personlege utfordringar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi tilbyr mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar.
Vi arbeider for å utvikle ein heiltidskultur i kommunen.
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens pensjonskasse.

Anna informasjon
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Kristine Helland Mårstig, rektor
Telefon: 56 58 08 00
Mobil: 99 36 55 04
E-post: krma@bjornafjorden.kommune.no

Jill Anette Næss, avdelingsleiar
Telefon: 56580800
Mobil: 95424691
E-post: jine@bjornafjorden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter