Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Stilling
Lærarvikariat ved Os ungdomsskule
Lokasjon
Os
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Os ungdomsskule har ledig eit inntil 100 % vikariat frå 11. januar til 31. mai 2027. Vi søkjer ein engasjert lærar som vil bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø og god læring for elevane.

Om skulen
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har 78 tilsette og 470 elevar fordelte på fem til seks klassar per trinn. Verdigrunnlaget vårt er «Meistring, tryggleik og anerkjenning». Vi arbeider med livsmeistring, nærvær og fråvær, lesing og vidareutvikling av undervisninga i tråd med LK20.
I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet.

Arbeidsoppgåver
- Undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet, særleg matematikk, naturfag, kroppsøving og valfaget fysisk aktivitet og helse.
- Kontaktlæraroppgåver.
- Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper, og samarbeid med føresette og kollegaer.

Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
- Kompetanse i eitt eller fleire av faga skulen har særleg behov for.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Dersom du har utdanning frå utlandet, må utdanninga vere godkjend for arbeid som lærar i Noreg. Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er ein trygg og tydeleg klasseleiar, byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer.
Du er fleksibel, finn gode løysingar og ønskjer å bidra i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen. Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø.
- Arbeid med skuleutvikling og trygge oppvekstvilkår.
- Mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar.
- Løn etter gjeldande avtalar og medlemskap i Statens pensjonskasse med tilhøyrande pensjons- og forsikringsordningar.

Søknad og offentleg søkjarliste
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontakt
Diana Voinea Johansen, rektor
E-post: diajoh@bjornafjorden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter