Har du lyst til å vere med å leie skulen vår?
Ved Nore Neset ungdomsskule er det ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.02.2027.
Har du lyst til å vere med å leie skulen vår? Vi søker deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet.
Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-2027 har skulen 464 elevar og om lag 65 tilsette. Vi held til i eit flott skulebygg frå 2014 og har eit topp moderne idrettsanlegg like ved. Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av skulen sitt leiarteam saman med to andre avdelingsleiarar og rektor
- Pedagogisk leiing og delvis personalansvar
- Delta i ulike team
- Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege og sosiale utvikling
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid og leie profesjonsfellesskap mot felles mål
- Dialog med elevar, tilsette og føresette
- Samarbeid med PPT, BUP m.fl.
Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har god relasjonskompetanse, er trygg og inkluderande
- har gode samarbeidsevner
- likar å jobbe i ein organisasjon med høgt tempo og stort krav til fleksibilitet
- har god fagleg og digital kompetanse
- jobbar planmessig og strukturert
- har systemforståing for rammer, lover og forskrifter
- er samlande og likar å jobbe i team
- har ei positiv innstilling, og er løysing- og utviklingsorientert
Leiarutdanning og erfaring frå skuleleiing er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Kvalifikasjonar
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for ungdomstrinnet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Det vil seie at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utenlandsk høyere utdanning»
- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
Det er ønskelig med leiarkompetanse som er relevant for stillinga.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her