Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Stilling
100 % fast stilling som fagarbeidar i Ådlandsfjorden barnehage
Lokasjon
Os
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Fagarbeidar

Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar i Ådlandsfjorden barnehage frå 01.01.27. Vi søkjer deg som har engasjement for arbeid med barn og ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Ådlandsfjorden barnehage som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) i kvardagen og trygt og godt barnehagemiljø.

Arbeidsstad

Ådlandsfjorden barnehage ligg vakkert til i same bygg som Ådlandsfjorden barneskule. Vi kan nytte skulen sitt uteområdet, fotballbane, ballbinge og gymsal i tillegg til eige uteområdet. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar opparbeida naturleikeplass med flott gapahuk, god plass til å bevega seg og har kort veg til sjøen. Vi har to basar og per no 21 barn i alderen 0 – 6 år. Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen.

Arbeidsoppgåver:
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
- Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir. Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn 0-6 år. Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn
- er leiken, tar ansvar, initiativ og er fleksibel
- har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald
- Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Rekrutteringstillegg på kr 30 000,- .

Kontaktperson:
Bente Ådland, styrar, tlf: 975 45 650, BEAAD@bjornafjorden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter