Sakshandsamar - 100 % fast

Stilling
Sakshandsamar - 100 % fast
Lokasjon
Os
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Avdeling forvaltning, koordinering og bustadkontoret består av omlag 14 årsverk. Her lyses det no ut ein 100 % fast stilling som sakshandsamar frå og med 01.01 2027 innan helse- og omsorgstenester. Oppgåvene er å sakshandsame etter lov om helse- og omsorgstenester, pasient -og brukarettigheitslova og forvaltningslova.

Arbeidsstad
Rådhuset, Osøyro

Arbeidsoppgåver
I tida som kjem så må vi skape meir for mindre ved å gå frå tradisjon til inovasjon. Vi søker difor ein initiativrik person med engasjement for forvaltningsarbeid.

  • Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å sakshandsame søknader om kommunale helse- og omsorgstenester. Dette inneber avgjersler om tildeling eller avslag på kommunale tenester ut frå lov, forskrift, rutinar og rettleiing. Som igjen inneber tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta, fastlegar, søkjarar og pårørande.
  • Kartlegge, vurdere og ta stilling til kva tenester som er aktuell for den enkelte søkjar
  • Veilede og informere brukere og pårørande om bakgrunn for, og konsekvensar av beslutningar
  • Samarbeide med kollegaer og andre interne og eksterne partar som helseforvaltning og offentlege organ
  • Sakshandsamaroppgåvene vil i hovudsak vere knytt til handsaming av ulike søknadar om tenester til barn/unge og deira pårørande, samt psykisk helse og rustenster til vaksne, men ein  må kunne tileigna seg kunnskap om og bidra på heile kontoret sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • 3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Minimum 3 års relevant erfaring frå arbeid innan helsesektoren
  • Erfaring som sakshandsamar innan helse-og forvaltningsrett (vil vere ein fordel)
  • Kompetanse innan rettleiing (vil vere ein fordel)
  • Gode IKT-kunnskapar og beherska digitale kommunikasjonsformer
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, muntleg og skriftleg
  • Ynskjeleg at du har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, strukturert og arbeidar sjølvstendig
  • Rask, effektiv og likar høgt arbeidstempo
  • Positiv og løysningsorientert med ei heilheitleg tilnærming
  • Fremma lagarbeid både internt i avdelinga og mot eksterne aktørar
  • kommuniserer godt med mennesker i utfordrande livssituasjonar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Fagleg dyktige og engasjerte kollegaer med godt humør i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstendig arbeid
  • Utstrakt samarbeid både internt og ekstertn
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter