Helsesekretær - 50% vikariat

Stilling
Helsesekretær - 50% vikariat
Lokasjon
Os
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ledig vikariat som helsesekretær i 50%
Eikelandsosen Legekontor søkjer etter ein motivert og engasjert helsesekretær til vikariat frå snarast og i 6 månader.

Vi er eit 4-legepraksis og held til i romlege, lyse lokale. Lokale har m.a. akuttstove, sårstove og laboratorie med Spirometri, EKG og 24 t BT kopla opp mot epj. Eikelandsosen er samlokalisert med legevakt og legesenteret er fullt utstyrt med akuttmedisinsk utstyr. Her vil du få ein spennande kvardag i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsstad
Eikelandsosen legekontor, Bjørnafjorden kommune

Arbeidsoppgåver

  • Timebestillingar
  • Telefonservice og pasientinformasjon
  • Pasienthåndtering på laboratoriet og sårstove
  • Assistering av legane
  • Journalføring (Infodoc)
  • Anna pasientretta praktisk arbeid i samarbeid med lege
  • Anna administrativt arbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som helsesekretær eller helsefagarbeidar
  • Det er ønskeleg at du har erfaring frå legekontor
  • Det er ønskeleg med erfaring i Infodoc journalsystem
  • Du beherskar godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar, og ønsker at du har utprega serviceinnstilling, er samarbeidsorientert og kan jobbe sjølvstendig

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Ved tilsetting må du leggje fram gyldig politiattest i samsvar med § 20a i helsepersonellova.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter