Helgestillingar med langvakter kvar 4. helg
Avdelinga Askviknes oppfølgingsteneste har oppfølging av bebuarar som har behov for helsehjelp, og som har vedtak etter helse- og omsorgsstenestelova. Vi arbeider tverrfagleg, og er opptekne av godt samarbeid med tenestemottakarane våre, deira pårørande og med andre helsetenester. Saman jobbar vi for meistring og utvikling hos den enkelte, å skapa gode dagar og opplevingar, og å laga ein god arena for fellesskap.
Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i å følgja til ulike aktivitetar, praktisk bistand i samband med matlaging, gjere husarbeid, gå tur, fiska, dra på kino, handla og liknande.
Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov.
Arbeidsoppgåver
Du vil:
- gje individuell og gruppebasert oppfølging i samsvar med vedtak og tiltaksplanar
- yte praktisk bistand og helsehjelp i kvardagen
- leggje til rette for aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar
- utføre oppgåver knytte til legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar og delegasjon
- dokumentere og oppdatere opplysningar i elektronisk pasientjournal (Profil)
- samarbeide med pårørande og andre tenester
- samarbeide tett med kollegaer og bidra til eit godt fag- og arbeidsmiljø
Stillingane har langvaktar med arbeid kvar 4. helg
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg at du har påbegynt helsefagleg utdanning eller relevant erfaring frå helse- og omsorgstenester, men dette er ikkje eit krav
- Du må ha interesse for og motivasjon til å arbeide med menneske som har behov for oppfølging og helsehjelp
- Førarkort klasse B
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til og ønske om å skapa gode relasjonar til brukarar og kollegaer
- Evne til å arbeida målretta og strukturert
- Du er fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Du taklar utfordringar, tek initiativ til å arbeidde for forbetringar og gode løysingar
Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her