Fagarbeidar Natt - 70% stilling i turnus

Stilling
Fagarbeidar Natt - 70% stilling i turnus
Lokasjon
Os
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
10. des.
Få påminnelse
22 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søkjer engasjert og omsorgsfull fagarbeidar til stilling på natt.

  • Stillinga er ledig frå 01.02.2026 

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester gjev tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne, omfattar åtte bufellesskap. I tillegg har vi avlastningssenter for barn og unge, ambulerande miljøtenester og to dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

  •  Utøva forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  •  Sikre tryggleik og trivsel for bebuarar gjennom natta
  •  Utføre digitale tilsyn • Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar i fagsystem
  •  Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
  •  Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i nattevaktslaget
  •  Opptre i tråd med kommunen sine verdiar
  • Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
  • • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning som helsefagarbeidar, barne -ungdomsarbeidar, men andre med relevant utdanning og arbeidserfaring vil òg bli vurdere. Kjennskap til arbeid med tenestemottakarar m/nedsett funksjonsevne vil vera ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå målretta miljøarbeid og erfaring med åtferdsarbeid, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • Det vil bli lagt særs vekt på dine personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar 

  •  Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  •  Ansvarsbevisst, pliktoppfyllande og evne til å arbeide sjølvstendig
  •  Omstillingsorinetert og ser moglegheiter framfor avgrensingar
  •  Du er stolt over ditt fag, og tek ansvar for eiga utvikling 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Yvonne Matre
Einingsleiar - Tilrettelagte tenester
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter