Fagarbeidar i barnehage

Stilling
Fagarbeidarar i barnehage
Lokasjon
Norheimsund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
17. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein trygg og engasjert person som vil jobba i barnehage? 

Norheimsund barnehage har ledig 80% fagarbeidar stilling frå snarleg.

Me søkjer etter deg som likar å laga gode kvardagar saman med små barn, er god på relasjonar og som er glad i å gje barn gylne augneblink.

Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/


Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
  • Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
  • Vera ein trygg vaksen
  • Tilretteleggja for leik og læring
  • Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
  • Delta i å utvikla barnehagen
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
  • Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Barne- og ungdomsarbeidar, men er òg interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Bestått nivå A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
  • Du har godt humør og positiv innstilling 
  • Du er leiken og evnar å inspirera og engasjera barn
  • Møter barn, kollega og føresette med respekt
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan" 

Me tilbyr

  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

 

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Karin Træbakken, Styrar Norheimsund barnehage, 46865845
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 30
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5201228071
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 06.06.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026

Kontaktpersoner
Ingunn Mo
Leiar for barnehage
Karin Træbakken
Styrar Norheimsund barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter