Avdelingsleiar SFO - Ytre Arna skule

Stilling
Avdelingsleiar SFO - Ytre Arna skule
Lokasjon
Ytre Arna
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. okt.
Få påminnelse
11 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Team YA treng ny avdelingsleiar for SFO! Er du ein pedagog og leiar som er glad i menneske, ein variert kvardag og fagleg utvikling, kan du vere den vi ser etter!

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har om lag 40 tilsette og 210 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. Vi er base for morsmålslærarar, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.

Vår nye avdelingsleiar vil få leie ei svært kompetent og utviklingsorientert personalgruppe. Vi tar kvalitet og utviklingsarbeid på SFO på alvor, og skulen sin visjon «Trygghet, trivsel og læring» gjeld både skule og SFO. På Ytre Arna SFO blir barna møtt av trygge vaksne, som legg til rette for variert leik og aktivitet på barna sine premissar. Avdelingsleiar for SFO har administrativt og fagleg ansvar for kvaliteten, og er ein del av grunnbemanninga kvar ettermiddag.

Hos oss blir du ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor, avdelingsleiar for småtrinn, avdelingsleiar for mellomtrinn og konsulent. På YA står det samla profesjonsfellesskapet for skule og SFO sterkt. Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

Skal du arbeide hos oss må du sjå verdien av å bruke mykje av tida di der elevar og tilsette på avdelinga di er, og du må vere fagleg engasjert og sette pris på ein variert kvardag.

Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.

Les meir om våre strategiar og faglege standardar på nettsida til skulen.

Arbeidsoppgaver

Overordna ansvar for SFO, med både administrative og utviklingsretta oppgåver.

Personalansvar på eiga avdeling

To timar kvar ettermiddag på SFO (og meir på «langdagar» når skulen er stengt)

Vikaransvar for SFO

Arbeid med elevane sitt miljø både på skule og i SFO

Leie skulen (inkl. SFO) sitt utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet

Ansvar for å følgje opp opp lærling

Kvalifikasjoner

Pedagogisk utdanning på høgskulenivå

Erfaring frå SFO eller skule er sterkt ønskeleg

Erfaring som leiar og/eller leiarutdanning er sterkt ønskeleg

God digital kompetanse

Svært god kompetanse i norsk språk muntleg og skriftleg, og god kompetanse i engelsk.

Personlige egenskaper

Du er ein trygg, varm og tydeleg leiar .

Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing.

Du evner å sjå og lytte til dine tilsette, og tar ansvar for å bygge tillit og gode relasjoner i SFO-gruppa.

Du har god arbeidskapasitet og kan ta i eit ekstra tak når det trengs.

Du er ryddig, fleksibel, positiv og raus.

Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team.

Du er fagleg engasjert og glad i å utvikle deg.

Du er god til å skrive, og er oppteken av at administrative oppgåver skal løysast i tråd med Bergen kommune sine føringar.

Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar

Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling , i eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

IA-bedrift

Gode velferdsordningar

Lønn etter gjeldande avtaleverk

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter