Ledig stilling som bedriftssjukepleiar i Florø i Sunnfjord
Bedriftshelse1 er ein leiande aktør innen bedriftshelsetenester i Vestland, og vi søkjer no etter ein bedriftssjukepleiar med kunnskap og interesse for forebygging av helseutfordringar relatert til arbeid og arbeidsmiljø. Hvis du ser etter ein jobb med fleksible arbeidsvilkår, likar kundekontakt, og ønskjer å væra ein del av eit sterkt fagmiljø med varierte utfordringar, vil vi gjerne høyre frå deg! Stillinga er knytt til vårt kontor i Florø, med heile Sunnfjord som arbeidsområde.
Dine hovudoppgåver vil vere:-
Helseundersøkingar og anna helsefagleg bistand
-
Psykososialt arbeidsmiljø
-
Leiarstøtte, kollegastøtte, sjukefråversarbeid og utviklingsarbeid
-
Kartlegging av arbeidsmiljø og arbeidsmiljøundersøkingar
-
Undervisning førstehjelpskurs, og anna opplæring på individ- og gruppenivå
-
Yrkesvaksinasjonar
-
Oppfølging og kontaktansvar mot kundar
-
Individuell tilrettelegging og rådgjeving
-
Rådgjeving og bistand innan HMS/internkontroll
-
Delta i faggruppe for bedriftssjukepleiarar
-
Like å jobbe i team, og samtidig vera sjølvstendig
-
Fleksibel, engasjert, uredd og initiativrik
-
Undervisningserfaring
-
Erfaring frå bedriftshelseteneste eller anna relevant erfaring er ein fordel.
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne, gode digitale ferdigheiter
Vi tilbyr ei spennande stilling med gode kollegaer, konkurransedyktig løn, fast arbeidstid, helgefri og gode personalordningar, der du kan vere med å påverke jobbkvardagen. Vi har gode ordningar for kompetansepåfyll og personleg utvikling. Det vil bli gjeve god opplæring.
Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Referansar og personlege eigenskapar vert vektlagt. Jobben vil medføre ein del reising, så du må ha førarkort for personbil og disponere bil.
For spørsmål, kontakt områdeleiar Tone Botten, tlf.: 48 59 64 96.
**Søknad med cv og referansar sendast til:**tone.botten@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist: 20.11.2026