Regional rettleiar - psykolog/psykologspesialist eller rådgjevar
Om stillinga og arbeidsstaden
Vil du bruke fagkompetansen din til å utvikle tilsette og styrkje kvaliteten i barnevernsinstitusjonane våre? Då kan dette vere stillinga for deg! Bufetat, region vest har to faste 100 prosent stillingar som rettleiar i Tenestestøtte. Vi søkjer deg som er psykolog eller psykologspesialist, eller som har relevant helse- og sosialfagleg bachelor og vidareutdanning i rettleiing. Du blir ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø ved regionkontoret i Bergen – eit miljø som verdset nytenking, samarbeid og kontinuerleg kompetanseutvikling. Kortare reiseverksemd utanbys kvar tredje til fjerde veke må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing av tilsette og leiing ved institusjonane våre etter fastsett rotasjon og fastsett struktur.
- Rettleiing på fag, prosess og metode i samsvar med mandat.
- Arbeid for å styrkje barns medverknad gjennom rettleiing og samtalar.
- Planlegging og gjennomføring av kurs og opplæring.
- Oppgåver knytt til intern fagutvikling i samarbeid med kollegaer.
- Leiing av utviklingsprosessar og implementering av fagmodellar.
- Bidrag til å påverke og forme den faglege retninga i regionen.
- Skriftlege oppgåver av ulik karakter i tråd med behova i regionen.
- Ved særskilde behov, tilpassa rettleiing av personal fortrinnsvis i gruppe.
Kva bakgrunn har du?
Du har eit av følgjande utdanningsløp:
- Profesjonsutdanning som psykolog eller godkjenning som psykologspesialist. Ulike spesialiseringar kan bli vurderte.
- Relevant helse- og sosialfagleg bachelor med vidareutdanning innan rettleiing.
I tillegg har du
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, familiar eller barnevernsinstitusjonar.
- Førarkort klasse B.
- Gode IKT-ferdigheitar og ei positiv haldning til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå arbeid med traume, åtferdsvanskar, rus eller utviklingsforstyrringar.
Personlege eigenskapar
- Du motiverer og kommuniserer godt – både på tomannshand og i gruppe.
- Du er ein lagspelar med evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du trivst med samarbeid og er pliktoppfyllande.
- Du trivst med å jobbe gjennom andre for å skape god miljøterapi for barn.
- Du er strukturert og samstundes fleksibel samt har høg arbeidskapasitet.
- Du har god systemforståing og tilpassar deg til rammene i organisasjonen.
- Du er kreativ og bidreg til å finne løysingar innan definerte rammer.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690 000 - 750 000 pr.
år, 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850 000 - 950 000 pr. år, eller 0795 spesialpsykolog,
p.t. kr 750 000 - 850 000 pr. år. - Alternativt som helse- og sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 650 000 - 750 000 pr. år, eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr. 680 000 - 800 000 pr. år.
- Høgare avlønning kan vurderast ved særleg kvalifiserte søkjarar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Du får ein variert og spanande arbeidskvardag i ein seksjon som skal bistå institusjonane i regionen i det faglege arbeidet deira. Du vil bli kollega med psykologar og barnevernsfaglege med ulike erfaringsbakgrunnar og oppgåver.
Du vil bli del av regionstaben, som omfattar ulike seksjonar, fagprofesjonar og oppgåver. Saman jobbar vi kvar dag for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Seksjon Tenestestøtte
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.