PMTO-regionkonsulent
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Bufetat region vest har vi ledig ei fast 100% stilling som PMTO-regionkonsulent.
Stillinga er knytt til implementeringsteam hos Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). NUBU har ansvar for utvikling og prioritering, medan stillinga er organisatorisk lagt til Bufetat som har arbeidsgivaransvar.
NUBU er oppdragsgivar, styrer prioritering og delvis tildeling av arbeidsoppgåver.
Stillinga inngår i PMTO/TIBIR-teamet som er ei eiga avdeling i senter for foreldre og barn.
Arbeidsstaden vil fortrinnsvis vere ved regionskontoret i Bergen. Ettersom PMTO/TIBIR-teamet har ansvar for alle kommunane i region vest, kan annan fast arbeidsstad vurderast dersom dette er meir tenleg. Til stillinga ligg det reiseverksemd for å ivareta oppgåver knytt til stillinga.
Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med stort engasjement for fagleg utvikling og kompetansebygging.
Arbeidsoppgåver
- Rekruttere nye kommunar til å implementere PMTO og TIBIR i kommunalt hjelpeapparat (barnevern, barnehage, skule og helse).
- Utøve regionalt ansvar for implementering av PMTO og TIBIR i kommunalt hjelpeapparat, samt spesialisthelsetjenesten og Bufetat.
- Oppfølging av kommunar med intensjonsavtale om PMTO/TIBIR kan bestå i:
- Delta i informasjons-, styrings- og arbeidsgruppemøter i kommunane.
- Oppfølging av PMTO-terapeutar gjennom å vere opplærings-, fordypnings- og/eller vedlikehaldsrettleiar.
- Planlegge, koordinere og gjennomføre opplæringer og andre aktiviteter i samarbeid med kommunane.
- Delta på fagsamlingar og opplæring i regi av NUBU.
- Bistå i å administrere og gjennomføre regionale kurs og opplæring.
- Samarbeid med aktuelle interne og eksterne samarbeidspartar og utføre arbeidsoppgåver i tråd med styringssignal.
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:
- Det er krav om sertifisering som PMTO-terapeut med relevant klinisk erfaring innan PMTO.
- Det er krav om minimum treårig bachelorgrad innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk retning.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter, og evne til å vere trygg og tydeleg i rolla
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode digitale ferdigheiter og forståing.
- Du må trivast med å arbeide sjølvstendig.
- Førarkort for bil i klasse B.
Bør-krav:
- Erfaring med å organisere, planlegge og koordinere aktiviteter og undervisning.
- Rettleiingskompetanse innan PMTO, annan relevant rettleiingskompetanse kan vurderast.
- Kunnskap og erfaring med TIBIR.
- Erfaring med undervisning og implementeringarbeid vert tillagt vekt.
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer godt, er initiativrik og løysingsorientert.
- Du har gode samarbeidsevner og arbeider sjølvstendig og målretta.
- Du er fleksibel, kreativ og utviklingsorientert, og bidreg gjerne i nye fagutviklingsoppgåver.
- Du trivst med tverrfagleg samarbeid. Kjennskap til kommunal og statleg forvaltning er ein fordel.
- Du har god digital kompetanse og er trygg i bruk av digitale verktøy.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 620 000 - 710 000 pr. år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 650 000 - 760 000 pr. år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
I tillegg kan vi tilby:
- Eit engasjert og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling.
- Du får være med på å løfte oss slik at vi kan vidareutvikle oss og gi barn og unge og familier eit enno betre tilbod.
- Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, region vest.
- Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.