Miljøterapeut - 100% vikariat
Om stillinga og arbeidsstaden
Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 år, under Bufetat, region vest. Vi tek imot ungdom som har vedtak etter Lov om barneverntjenester §§ 3.1, 3.2 og 5.1.
Senteret har to avdelingar; Søfteland og Fyllingsdalen med til saman 7 plasser. Avdeling Søfteland ligg i Bjørnafjorden kommune og har plass til 4 ungdomar.
Skjoldvegen barnevernsenter har sitt faglege rammeverk i Barnets behov i sentrum. I tillegg har avdelingen etablert gode rutiner etter traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) for å etablere ei profesjonell omsorgsramme som legg til rette for endring og utvikling.
Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland har ledig en til to 100 % vikariat med oppstart så snart som mogleg.
Stillinga har for tida ein to-delt turnus med dag- og kveldsvaktar og arbeid kvar 4. helg. Stillingas varigheit er i første omgang ut mars 2027, med muligheit til forlenging.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med Barnets behov i sentrum, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeidar både sjølvstendig og i team, og deltek i fagmøter og i rettleiing som vert gitt i høve modellen.
Arbeidsoppgåver
Skjoldvegen barnevernsenter arbeider etter rammeverket Barnets behov i sentrum. Avdelinga gode rutiner i arbeid med traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Dette i kombinasjon gjer oss betre i stand til å møte ungdomane sine behov, fremme trivsel og støtte deira utvikling i en positiv retning. Vi treng derfor at du kan;
- Til ei kvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg og juridisk rammeverk.
- Utarbeiding og oppfølging av planar i samarbeid med ungdom.
- Motivera og engasjera ungdomnane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverka i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
- Samarbeid med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre sentrale samarbeidspartnarar som er viktig for bornet.
- Delta i overlapping ved vaktskifte, ha ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjonen.
- Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Hovudkontaktansvar
- Ha ekstra ansvarsområder innafor blant anna tryggleik, helse, skule, familie, kartlegging, brannvern, motiverande intervju/samtale med meir.
- Praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vakten.
- Delta i overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon knytt til arbeidet.
Kva bakgrunn har du?
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, med hovedsakleg 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
- Du har gode evner til å bygge relasjonar.
- Du har evne til å la deg engasjera, og kan engasjera og motivera andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å vere ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
- Du er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 –690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 690 000 pr. år.
- Lønn vurderast i henhald til utdanning og arbeidserfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Skjoldvegen Barnevernsenter, avdeling Søfteland.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik samt kopi av førerkort kl. B
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.