Miljøterapeut, vaken nattevakt - 70,3% fast stilling

Stilling
Miljøterapeut, vaken nattevakt - 70,3 % fast stilling
Lokasjon
Stavanger
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Nord-Jæren barne- og ungdomssenter, avdeling Lindøy, har vi ledig fast stilling som miljøterapeut - vaken nattevakt i 70,3 % stilling. Turnusen inneber arbeid kvar fjerde helg.

Å arbeide som nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg. Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadevering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som arbeider natt, er ikkje berre til stades når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen.

Nord-Jæren barne- og ungdomssenter består av fire avdelingar og tilbyr omsorg til ungdom mellom 13 og 18 år etter barnevernslova §§ 5-1 og 3-2. Avdeling Lindøy har fire plassar og eit tverrfagleg samansett fagmiljø.

Vi arbeider målretta med miljøterapi, traumesensitiv tilnærming og standardisert forløp for å skape varig positiv endring i livet til ungdommane.

Hjå oss står samarbeid med familiar, skule, helsevesen og kommunale tenester sentralt for å gi ungdommane heilskapleg oppfølging.

For meir informasjon, sjå nettsida vår: Nord-Jæren barne- og ungdomssenter | Bufdir.


Arbeidsoppgåver

Målet med stillinga er å ta vare på ungdommane og oppretthalde ro på avdelinga om natta.

For å oppnå dette målet skal du:

  • Rettleie ungdommane og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Utføre ulike praktiske oppgåver som er nødvendige for den daglege drifta av heimen.
  • Handtere kriser og stressfylte situasjonar.
  • Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og unge kan skade seg sjølve eller andre.
  • Bidra til å ivareta rettstryggleiken til ungdommane gjennom god dokumentasjon.
  • Reflektere over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar (etisk refleksjon).
  • Følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.

Kva bakgrunn har du?

Må- krav:

  • Du må ha minimum treårig relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fullført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innan relevante fagområde.
  • Studentar som er i ferd med å fullføre bachelorutdanning innan sosialt arbeid, barnevern eller vernepleie, kan òg bli vurderte.
  • For søkjarar utan relevant bachelorutdanning kan vi vurdere søkjarar med minimum tre års relevant erfaring frå barnevern og/eller institusjonsarbeid.
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
  • Førarkort klasse B.

Bør-krav:

  • Kompetanse til å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltak for ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
  • Erfaring frå institusjonsarbeid.
  • Evne til å forstå og leggje til rette for endringsprosessar, både på individ- og systemnivå.

Personlege eigenskapar

 Kven ser vi etter?

  • Robust og emosjonelt trygg – Du har evne til å meistre stress ved å sjå utfordringar som handterbare, meiningsfulle og mogelege å påverke.
  • Sjølvreflektert – Du har evne til å reflektere over eigne og andre sine opplevingar, synspunkt, oppfatningar og behov, og skilje mellom desse.
  • Verdibasert – Du identifiserer deg med, opptrer og arbeider i tråd med vårt samfunnsoppdrag og våre kjerneverdiar: «Respekt, openheit og deltaking».
  • Motivert – Du er engasjert i å arbeide for barnet sitt beste.
  • Tolmodig, nøyaktig og detaljorientert – Du har evne til å følgje opp behandlings- og tiltaksplanar på ein lojal og systematisk måte, med fokus på langsiktige resultat.

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 - 640 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 - 690 000 pr år.  
  • Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
  • For søkjarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, kr 420 000 – 530 000, stillingskode 1203 fagarbeidar, kr 440 400 – 540 000 pr år eller stillingskode 1488 miljøterapeut, kr 460 000–560 000.
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til avdeling Lindøy.
  • Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd,  og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.


Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter