Miljøterapeut
Om stillinga og arbeidsstaden
Bergen Akuttsenter, avdeling Toppe søkjer etter fagleg kvalifiserte miljøterapeuter
- 1-2 faste stillingar som miljøterapeut i 50,67 % stilling.
- 3 faste stillinger som miljøterapeut i 47,9 % stilling.
- 1 vikariat som miljøterapeut i 62,09 % stilling.
Vi jobbar for tida i ein to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg. For utlyste stillingar i henholdsvis 47,9 % og 62,09 % jobbar ein langvaktar kvar sjette helg. Det kan bli aktuelt med vikariat. Det kan og bli fleire ledige stillingar med ulik varigheit og stillingsprosent.
Bergen Akuttsenter avdeling Toppe tek imot ungdom etter barnevernlova § 4-4. Avdelinga ivaretek akuttfunksjonen for ungdom i alderen 13-18 år i Vestland. Vi har 5+1 plassar fordelt på 2 boeiningar.
Hos oss er kvardagen i avdelinga prega av hyppige nye inntak av ungdom som er i krise, og med store variasjonar i problematikk. Det kan vere bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov. Det vil kunne vere krav til å kartlegge fleire faktorar på kort tid, samt det å begynne arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.
Stillinga er ikkje for alle, men for deg som står stødig når andre vaklar. Du er ikkje kven som helst.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid med ungdom med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehåndtering.
- Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.
- Ta imot nye ungdomar.
- Dokumentasjonsansvar.
- Praktiske oppgåver i avdelinga.
- Kvardagen er prega av hyppige nye inntak av ungdom som kan befinne seg i ein krise med store variasjonar i problematikk. Dette kan omfatte utfordringar knytte til bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov. Du må kunne kartleggje fleire faktorar på kort tid og byrja arbeidet med positiv utvikling hos ungdommen og familien.
- Du vil stå i krevjane situasjonar, og treng å stå stødig i møte med utfordringane ungdomane står i.
Kva bakgrunn har du?
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning.
- Søkjarar utan relevant bachelor, med minst tre års erfaring frå barnevernsinsititusjon og målgruppa kan bli vurderte for stillingane.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.
- Sertifikat klasse B.
Det er ønskeleg at du har:
- Erfaring frå arbeid med ungdom på institusjon.
- Rettleiingskompetanse.
- Kjennskap til Lov om barnevern.
- Kjenskap til traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter trygge, reflekterte og fleksible medarbeidarar som handterer ulike situasjonar med ro og godt skjønn. Du har tydelege verdiar, er ein god rollemodell for ungdomane og samarbeider godt med andre.
Vi legg vekt på sjølvstende, ansvarskjensle, pålitelegheit, engasjement og interesse for ungdomane.
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Kva får du hos oss?
- Hos oss får du først og fremst mogleigheit til å være ein trygg vaksen for ungdom som treng det i en vanskeleg livsfase.
- Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse.
- Me har eit godt arbeidsmiljø med takhøgde, og me gler oss til å få fleire med på laget som kan bidra med nye idear og eigenskapar.
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 580 000 – 690 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Bergen Akuttsenter avdeling Toppe.
- Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbilde på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.