Miljøterapeut 70 % vikariat
Om stillinga og arbeidsstaden
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokaliserte på Bønes i Bergen kommune.
Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeider med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus. Ungdommane bur hos oss etter barnevernslova §§ 6-1 og 6-2.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum, både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket rundt dei. Vi legg stor vekt på å involvere foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.
Behandlinga byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Arbeidet vårt handlar om å hjelpe ungdommane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å handtere situasjonar som tidlegare har ført til rusbruk.
I 2026 vart det innført eit nytt fagleg rammeverk for å sikre ein einskapleg fagleg kvalitet i institusjonane. Rammeverket byggjer på kunnskapsmodellen Barnets behov i sentrum (BBIS) og skal styrkje det faglege innhaldet i behandlinga.
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi no ledig ei 70 % stilling som miljøterapeut i vikariat. Vikariatet varer frå 04.01.2027 til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging. Det vil òg vere mogleg og ønskjeleg å ta ekstravakter utover avtala stillingsprosent.
Det kan bli ledig fleire vikariat i deltidsprosent ved avdelingane. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også kan vere interessert dersom det blir ledig vikariat med lågare stillingsprosent, blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.
Stillinga inngår i todelt turnus med dag- og kveldsvakter, samt innslag av langvakter, og arbeid kvar fjerde helg. Ved kvar avdeling har vi to vakne nattevakter. Endringar i turnusordninga kan førekome.
Arbeidsoppgåver
Som miljøterapeut ved Bjørgvin ungdomssenter vil du:
- utøve målretta behandlingsarbeid etter metoden Læringsbasert rusbehandling (LBR)
- delta i utforming, gjennomføring og evaluering av individuelle behandlingsplanar
- gjennomføre behandlingssamtalar og delta i behandlingsmøte med ungdom og samarbeidspartnarar
- gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak for å ivareta tryggleiken og behandlingsmåla
- samarbeide tett med barnevernstenesta, føresette, nettverk, politi, skule og helseinstansar
- sikre ungdomane sin rettstryggleik gjennom fagleg forsvarleg og presis dokumentasjon
- gi ungdomane tryggleik, omsorg og struktur gjennom å vere ein tydeleg, varm og føreseieleg vaksen
- rettleie, motivere og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte
- ha ansvar for tildelte ansvarsområde, mellom anna innan vakt- og brannvern
- delta i rettleiing, konsultasjon og fagleg utviklingsarbeid
- gjennomføre obligatorisk opplæring og trening innan tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjon
- bidra i praktiske gjeremål og daglege rutinar på avdelinga
- samarbeide tett med kollegaer og bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
Kva bakgrunn har du?
Krav til stillinga:
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, kan og vurderast.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- God fysisk og psykisk helse.
- Ha førarkort klasse B.
Det er ønskjeleg med:
- kunnskap om det teoretiske grunnlaget for behandlingsmetoden, herunder læringsteori og kognitiv åtferdsterapi
- god kjennskap til barnevernslova og tilhøyrande regelverk
- kunnskap om traumebevisst omsorg
- rettleiingskompetanse
- evne til å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltak til den enkelte ungdom og dokumentere arbeidet systematisk
- erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon, psykisk helsevern for barn og unge og/eller anna relevant arbeid med ungdom
- erfaring frå arbeid med ungdom med åtferdsutfordringar og/eller rusproblematikk
- forståing for og evne til å leggje til rette for endringsprosessar på både individ- og systemnivå
Bjørgvin ungdomssenter har behov for å oppretthalde ei god kjønnsbalanse i personalgruppa. Av omsyn til ungdommane og gjennomføring av enkelte tiltak etter barnevernslova, der kjønn kan ha betydning for kva medarbeidarar som kan utføre oppgåva, kan omsynet til kjønnsbalanse bli tillagt vekt ved utveljing til intervju og tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som vil gjere ein forskjell for ungdom i krevjande livssituasjonar.
Du er ein trygg og varm vaksen som møter ungdom med respekt, ro og nysgjerrigheit. Du byggjer gode relasjonar og skapar tillit, også når situasjonane er krevjande. Du trivst i ein variert kvardag, handterer utfordringar på ein profesjonell måte og evnar å omstille deg når behova til ungdommane endrar seg.
Vi ser etter deg som:
- byggjer gode relasjonar og skapar tillit
- er open for rettleiing, fagleg utvikling og ny kunnskap
- samarbeider godt med andre og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- arbeider strukturert, metodisk og løysingsorientert
- tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- handterer konfliktar og krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 - 640 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 - 690 000 pr år.
- Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
- For søkjarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, kr 420 000 – 530 000, stillingskode 1203 fagarbeidar, kr 440 400 – 540 000 pr år eller stillingskode 1488 miljøterapeut, kr 460 000–560 000.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
- Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.