Avdelingsleiar
Om stillinga og arbeidsstaden
Vår noverande avdelingsleiar går av med pensjon. Ved Skjoldvegen barnevernsenter, avdeling Fyllingsdalen, har vi difor ledig fast stilling som avdelingsleiar i 100 % stilling frå 01.01.2027.
Skjoldvegen barnevernsenter er ein statleg omsorgsinstitusjon for ungdom mellom 13 og 18 år. Vi tar i mot ungdom som er plassert etter lov om barnevern, §§ 3-1, 3-2 og 5-1. Skjoldvegen barnevernsenter består av to avdelingar, avdeling Fyllingsdalen og avdeling Søfteland. Avdeling Søfteland ligg i Bjørnafjorden kommune. Vi samarbeidar tett med spesialisthelsetenesta for å gi eit heilskapleg tilbod til ungdom som av ulike årsakar har behov for omsorg utanfor heimen.
Ved avdeling Fyllingsdalen er det plass til 3 ungdommar og personalet jobbar i langturnus med eigen vaken nattevakt.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar har du ansvar for den daglege drifta og for å leie og utvikle det faglige og miljøterapeutiske arbeidet ved avdelinga, i tråd med Skjoldvegen barnevernsenter sitt mål og faglege rammeverk. Målet for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning.
Dine viktigaste ansvarsområder vil vere:
- Fag- og personalansvar ved eiga avdeling.
- Budsjett- og økonomiansvar, samt ansvar for internkontroll ved eiga avdeling.
- Leie, motivere og utvikle medarbeidarar, og legge til rette for et godt
arbeidsmiljø og fagleg utvikling. - Sikre god kvalitet og faglig forsvarlegheit i det miljøterapeutiske arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, organisere og følge opp den daglege drifta ved avdelinga.
- Bidra til utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og faglege metodar.
Bruke og følge opp relevante administrative og faglege systemar, blant anna
GAT, Netpower, Elements, BiRK og Office 365.
Du bør og evne å:
- ta kloke avgjersler akkurat no, samstundes som du leiar med fagleg tryggleik, etisk bevissthet og tydeleg nærvær.
- sørge for stabilitet gjennom oppfølging av personal, fag, økonomi og kvalitetsutvikling.
- handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging.
- ha god personalleiing, HMS og rekruttering, fagansvar og ressursutnytting.
- føre god internkontroll og ha god oppfølging av budsjett.
- bidra aktivt inn i leiarteamet til institusjonen.
Andre arbeidsoppgåver må påreknas.
Hvilken bakgrunn har du?
Du må ha:
- minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet, fullført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng, fortrinnsvis som vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog.
- erfaring frå institusjonsarbeid eller anna relevant døgnbemanna verksemd.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- god digital kompetanse.
Det er også ønskeleg at du har:
- relevant leiarerfaring, gjerne med personalansvar.
- minimum 15 studiepoeng innan leiing og administrasjon.
- erfaring frå arbeid med ulike målgrupper innan barnevern, eksempelvis akutt, omsorg og behandling.
- kjennskap til relevante systemer som Elements, BiRK, GAT og Unit4.
Det er krav om førarkort kl. B for stillinga.
Personlege eigenskaper
Kva ser vi etter:
- Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar.
- Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik.
- Evne til å prioritere og handle klokt i sanntid.
- Høg gjennomføringsevne og indre struktur.
- Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse.
- Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar.
- Genuin motivasjon for målgruppa.
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samt ha evne til å samarbeide godt med interne og eksterne partar.
- Har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane til kunnskapsbasert arbeid.
Kva får du hos oss?
Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleder, p.t. 720 000 - 840 000 kr. pr. år.
Lønn vurderas etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderas.
Vi kan også tilby:
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no).
Frå lønna vert det trekt 2 % pensjonsinnskot. - eit viktig samfunnsoppdrag med store muligheter for fagleg og personleg utvikling.
- stor grad av ansvar og fridom i rolla - med forventning om høg autonomi.
- variasjon i arbeidsoppgåver og mulighet til å fordype deg i områder du brenn for.
- dyktige kollegaer med høgt fagleg nivå og ambisjonar på eigne og eininga si vegne.
- eit sterkt, tverrfagleg og kunnskapsbasert arbeidsmiljø med gode støttespelare i kvardagen.
- gode sosiale tiltak og eit inkluderande arbeidsmiljø.
muligheit til å trene inntil éin time i veka i arbeidstida.
I tillegg til dette får du vera med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, ungdom og familier eit enno betre tilbud, og dette meiner vi har stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søker
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Fyllingsdalen.
- Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
- Politiattest må leggas fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.
- Prøvetid i henhold til statsansattelova.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyllar ut søknaden, anbefalar vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Hva skal søknaden din inneholde?
For å bli vurdert som søkjer må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål for utdanning tatt i Norge skal lastas opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning fra utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no