Lege i spesialisering - barnesjukdomar

Stilling
Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. nov.
Få påminnelse
25 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med på ein jobb der ingen dagar er like, og der du kan skape tryggleik, glede og gode augeblikk for barn og unge?

Ein av våre LIS3 er no klar for nye utfordringar og vi søkjer no ein ny kollega som ønsker å spesialisere seg i barnesjukdomar (pediatri). 

Hos oss finn du dyktige kollegaer, mykje humor og ein felles engasjement for å gi dei minste pasientane våre den beste omsorga. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med oss då vel!

Avdelinga omfattar barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, nyfødtintensiv eining, barnesengeeining og Familieambulatoriet. Vi har for tida ni overlegestillingar og sju legar i spesialisering.

👉 Søk no – vi gler oss til å møte deg!

Oppstartsdato etter avtale.


Kva går jobben ut på?

  • Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv eining og barnepoliklinikken Haugesund.
  • Utgreiing, behandling og oppfølging av barn og unge.
  • Delta i undervisning.
  • Delta i sju-delt tenesteplan med aktive vakter.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • Gjennomført LIS1 eller tilsvarande.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Det er ein fordel om du har:

  • Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling.
  • Kommuniserer godt med barn, ungdom og føresette
  • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
  • Samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper
  • Arbeider sjølvstendig og held oversikt, også når det er mykje som skjer

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit fagmiljø der du får arbeide med ulike problemstillingar innan barnesjukdomar.
  • Hos oss får du kollegaer som tek vare på kvarandre og skapar eit godt arbeidsmiljø.
  • Vi har eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap og utviklar oss saman.

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar, barne- og ungdomsavdelinga, 91875039, anne.margrethe.oritzland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5198340157
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktpersoner
Anne Margrethe Øritzland
Avdelingsleiar, barne- og ungdomsavdelinga
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter