Vil du vere med og skape verdiar for næringslivet i Hardanger?

Stilling
Regnskapsrådgjevar
Lokasjon
Øystese
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. jan. 2027
Få påminnelse
37 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

I Azets Hardanger er vi meir enn berre kollegaer -- vi er eit lag som heiar på kvarandre, deler kunnskap og bryr oss om både kundane våre og menneska vi jobbar saman med. No ønskjer vi å styrkje teamet vårt i Øystese med ein ny regnskapsrådgjevar.

Hos oss får du jobbe tett på eit spennande og mangfaldig næringsliv, frå lokale familiebedrifter til større verksemder. Du blir ein viktig rådgjevar som hjelper kundane med å ta gode økonomiske val og utvikle verksemdene sine vidare.

Vi held til midt i vakre Hardanger, og kombinerer det beste av to verdener: det nære og personlege arbeidsmiljøet i avdelinga vår, og dei store moglegheitene som følger med å vere ein del av Azets, eit leiande internasjonalt kompetansemiljø.

Di framtidige rolle og kva Azets kan tilby deg

I Azets arbeider vi moderne. Vi er ein innovatør i marknaden og ligg langt framme i omstillinga til bruk av automatisering, digitalisering og skybaserte løysingar.

Som regnskapsrådgjevar vil du få:

  • Eigen kundeportefølje der du har ansvar for å gi kunden rådgjeving og støtte
  • Delta i kundemøte og vere kunden sin strategiske partnar innan økonomi
  • Gjennomføre rekneskap, rapportering og årsoppgjer for kunden

I Azets er vi òg opptekne av at du som medarbeidar skal få utvikle deg både fagleg og personleg, og alle meiningar blir verdsette hos oss. Vi tilbyr:

  • Eit utviklande og triveleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Eit selskap som arbeider aktivt for mangfald og inkludering på arbeidsplassen
  • Konkurransedyktige vilkår. Har du rett erfaring og innstilling, skal vi møte deg på lønsforventningane dine
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Moglegheit for heimekontor og fleksibel arbeidstid
Kven er du?
  • Vi ser etter ein rådgjevar med nokre års relevant erfaring innan regnskap og/eller økonomi, gjerne frå regnskapsbyrå eller revisjon
  • Høgare økonomisk utdanning, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for dette
  • Har eit kommersielt tankesett
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • For å lukkast og trivast i denne rolla bør du ha god regnskapsforståing, trivast med kundekontakt og relasjonsbygging, og vere løysingsorientert og tillitsskapande.

Hovudarbeidsstaden vil vere i Azets sine lokale i Øystese. Oppstart etter avtale. Søknadsfrist er 1. januar. Vi behandlar søknader fortløpande, og svært aktuelle søkjarar kan bli kontakta før fristen går ut.

Har du spørsmål eller ønskjer å vite meir om stillinga? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kari Lunestad på telefon 901 80 164.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter