Vil du bli vår nye overlege?
Stilling
Overlege
Lokasjon
Valen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Overlege i psykiatri søkjast til Valen sjukehus
Er du ein overlege som ønskjer å arbeide i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, varierte kliniske utfordringar og gode moglegheiter for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere arbeidsplassen for deg.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med brei kompetanse innan psykisk helsevern. Sjukehuset omfattar akuttpost, psykosepost, sikkerheitspost, sikkerheits-/rehabiliteringspost, FACT sikkerheitsteam og poliklinikk. Du vil samarbeide tett med erfarne overlegar, psykologspesialistar, LIS-legar, sosionomar, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitørar og engasjert miljøpersonell. Ved Valen sjukehus kombinerer vi sterke faglege tradisjonar med utvikling, nytenking og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til best mogleg behandling for pasientane våre og samtidig vere med på å vidareutvikle tenestene for framtida.
Høyrest dette interessant ut? Då ser vi fram til søknaden din.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av pasientar
- Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk helsevern og dom til behandling
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Inngår i bakvaktssystem for legar
- Rettleie legar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist i psykiatri
- Erfaring med elektronisk pasientjournal (EPJ), gjerne DIPS og Meona
- Erfaring med vedtaksarbeid innan psykisk helsevern
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- LIS som er nær spesialisering kan tas i betraktning
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert og engasjert
- har høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
- er tålmodig og evne til å knytte relasjon
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- har gode samarbeidsevner
Kvifor skal du velje oss?
- Eit sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
- Helse Fonna legg til rette for høg fagleg standard og kontinuerleg kompetanseutvikling. Som overlege får du årleg kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.
- Gode moglegheiter for fagutvikling, rettleiing og forsking.
- Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.
- Ei unik plassering i vakker vestlandsnatur med fjord, fjell og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt.
- Eit rikt kultur- og fritidstilbod i regionen. Rosendal med Baroniet ligg om lag 30 minutt unna, medan Husnes med kino, kjøpesenter, skule- og idrettsanlegg ligg berre 10 minutt frå sjukehuset.
- Ein kommune med eit aktivt kulturliv og fleire festivalar gjennom året.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5213436244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 13.12.2026
Kontaktpersoner
Marianne Lund Anderssen
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.