Ringevikar lærar Årås skule

Stilling
Ringevikar lærar Årås skule
Lokasjon
Austrheim
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
-
Få påminnelse
-
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Årås skule treng ringevikarar skuleåret 2026/2027. Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 270 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i avdelingar, med ei avdeling for kvart hovudsteg. Vi har fokus på eit godt klassemiljø som føresetnad for eit godt og inkluderande læringsmiljø, og på tett oppfølging av elevane si læring og utvikling. Årås skule er ein PALS- og MOT-skule, der vi arbeider systematisk for å fremje eit trygt og inkluderande skulemiljø for alle elevar. Gjennom desse programma rettar vi positiv merksemd mot kvar enkelt elev og legg til rette for å styrkje sosial kompetanse, ansvarskjensle og tilhøyrsle. Målet vårt er å gjere elevane robuste og medvitne i møte med vala dei møter i kvardagen - både med tanke på eiga utvikling og fellesskapet. 


Arbeidsoppgåver

Læravikar 1.-10.trinn.


Kvalifikasjonskrav

 Godkjend grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn. Søkarar med anna bakgrunn vert òg inviterte til å søke.

Utdanning frå utlandet må vere godkjend av NOKUT. 

Austrheim kommune har nynorsk som målform. 

Godkjend politiattest i samsvar med opplæringslova må leggjast fram før tiltreding.


Kven ser vi etter?

Vikarar som som skapar gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaar.

Vikarar som er fleksible og samarbeidsvillige i høve til dei arbeidsoppgåvene som til ei kvar tid oppstår.

Vikarar som styrkar læringsmiljøet og elevane sitt læringsutbyte.

 


Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidssmiljø.
  • Løn etter tariff.

Heim til Austrheim

Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter