Er du vår nye ringevikar?

Stilling
Er du vår nye vikar?
Lokasjon
Austrheim
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
29. mai
Søknadsfrist
17. mars 2027
Få påminnelse
156 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du vår nye ringevikar som vil prøve noko nytt?

Me søkjer ringevikarar i Austrheim kystbarnehage.

I dag har vi 80 barn som er fordelt på seks avdelingar. Det er to småbarnsavdelingar, tre avdelingar med barn i alder 2-4 år, og ei førskulegruppe.

Vi er 31 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.  

Vi er stolt og fornøyd med utforminga og plassering  av barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare. Avdelingane har eit stort opphaldsrom, i tillegg to gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Rundt oss har vi, forutan ein fantastisk leikeplass; flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø og båt. Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg.  Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer gje borna gode opplevingar og la dei erfare det gode med kystkommunen Austrheim, nemleg naturen. 

I barnehagen vil vi ha deg som er opptatt av å gje kvart barn og barnegruppa gode dagar med gleder og allsidig læring gjennom leik. Du vil få god opplæring slik at du gradvis får kjennskap til ulike oppgåver. 

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • Ta initiativ og delta i daglege rutiner med barna i barnehagen 
  • Delta i ulike aktiviteter saman med barn og andre voksne. 

     


Kvalifikasjonskrav og personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Har lyst til å jobba i barnehagen der me har varierte aktiviteter og der ingen dagar er like.
  • Er nygjerrig i arbeidet med barn og er ein engasjert voksenperson. 
  • Er påkobla når du er på jobb saman med barna, og du tar initiativ når du ser arbeidsoppgåver som må løysast
  • Du må ha plettfri vandel, og kunne framsyne gyldig politiattest

Vi tilbyr

  • Leike så mykje du vil, og enda litt til
  • Frisk luft fleire timar kvar dag
  • Eit godt fagleg miljø der me  gjerne vil ha nettopp deg sjølv om du ikkje har erfaring frå barnehage. Me vil veilede deg og gje deg tid til å bli kjent med arbeidsoppgåvene. 
  • Tariffløn

     


Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter