Einingsleiar Helseeininga
Om stillinga
Austrheim kommune søkjer ein engasjert, trygg og utviklingsorientert einingsleiar for helsetenesta.
Vi ser etter deg som har relevant helse- og sosialfagleg bakgrunn, god forståing for kommunale helse- og omsorgstenester og som ønskjer å vere med på å utvikle framtidas helsetenester i Austrheim kommune.
Som einingsleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, personell, økonomi, drift og utvikling i helseeininga. Du skal sikre fagleg forsvarlege tenester med god kvalitet og pasienttryggleik, samtidig som tenestene blir drivne og utvikla innanfor vedtekne økonomiske rammer.
Tenester i helseeininga:
- Legetenesta
- Fysioterapi- og ergoterapitenesta
- Helsestasjon og skulehelsetenesta
- Psykisk helse, rus og kommunepsykolog
- Koordinerande eining
Kommunale helse- og omsorgstenester er i kontinuerleg utvikling. Endringar i demografi, tenestebehov, tilgang på personell og økonomiske rammer krev at vi utviklar organisering, kompetanse og arbeidsmåtar. Som einingsleiar får du ei sentral rolle i utviklings- og forbetringsarbeidet, og eit medansvar for å sikre heilskaplege og samordna tenester i kommunen.
Ansvaret for koordinerande eining er lagt til denne stillinga. Du skal bidra til at innbyggjarar med behov for langvarige og koordinerte tenester får heilskaplege og samordna tilbod på tvers av fag og tenesteområde.
Som einingsleiar er du ein del av leiarteamet til kommunalsjef for helse og velferd. Du skal samarbeide tett med andre leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta, i tillegg til andre samarbeidspartar internt og eksternt.
Arbeidsoppgåver
Som einingsleiar skal du:
- ha eit heilskapleg ansvar for fag, personell, økonomi og resultat i helseeininga, og sikre god styring av økonomi, bemanning og ressursbruk
- leie, følgje opp og utvikle medarbeidarar og tenester i samsvar med kommunen sine mål, planar, vedtak og økonomiske rammer
- sikre fagleg forsvarlege tenester, god kvalitet og pasienttryggleik gjennom systematisk arbeid med internkontroll, HMS, kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid
- leie organisasjons- og tenesteutvikling og ta initiativ til nye arbeidsmåtar som bidreg til god ressursutnytting og berekraftige tenester
- arbeide strategisk med kompetanse, fagutvikling og rekruttering
- leggje til rette for tverrfagleg samarbeid, brukarmedverknad og gode pasient- og brukarforløp
- ha ansvar for koordinerande eining og bidra til samordning av tenester for innbyggjarar med behov for langvarige og koordinerte tenester, mellom anna gjennom individuell plan og koordinator
- samarbeide tett med spesialisthelsetenesta, NAV og andre aktuelle samarbeidspartar
- delta aktivt i kommunen sitt felles leiar- og utviklingsarbeid og følgje opp relevante politiske og administrative vedtak og nasjonale føringar
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har:
- minimum treårig relevant helse- eller sosialfagleg utdanning frå universitet eller høgskule
- erfaring frå helse- og omsorgstenester
- relevant leiarerfaring eller anna dokumentert erfaring med leiing, fagansvar eller utviklingsarbeid frå helse- og omsorgstenestene
- god forståing for økonomistyring, ressursstyring og prioriteringar
- gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system og digitale verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- erfaring med tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid
Det er ein fordel om du har:
- erfaring med heilskapleg leiaransvar, inkludert fag-, personal- og økonomiansvar
- leiarutdanning på høgskule-/universitetsnivå og/eller anna relevant vidareutdanning
- erfaring med utviklings- og forbetringsarbeid, kvalitetsarbeid og organisasjonsutvikling
- god forståing for relevant lov- og regelverk, offentleg forvaltning og rammene for ein politisk styrt organisasjon
- kjennskap til koordinerande eining, individuell plan og koordinator
- relevant utdanning på masternivå
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein leiar som:
- er trygg, tydeleg og tillitsskapande og har god rolleforståing
- skaper retning, engasjement, motivasjon og som involverer medarbeidarane i utvikling av tenestene
- har eit heilskapleg og strategisk perspektiv, samtidig som du forstår behova i den daglege drifta
- arbeider strukturert og målretta, prioriterer godt og har god gjennomføringsevne
- er løysings- og utviklingsorientert og er open for nye arbeidsmåtar
- kommuniserer godt og byggjer gode relasjonar på tvers av fag, tenester og organisasjonar
- står stødig i krevjande situasjonar og evnar å ta avgjerder innanfor gitte rammer
Personleg eigenskap vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med spennande faglege og leiarmessige utfordringar
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Austrheim kommune
- løn etter avtale, i samsvar med gjeldande tariffavtale og kommunen sin lønspolitikk
- god pensjonsordning gjennom KLP
- Austrheimmodellen – ulike ordningar for rekruttering og tilsetjing
Heim til Austrheim
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg