Ledig 1års vikariat som fysioterapeut

Stilling
Ledig 1års vikariat som fysioterapeut
Lokasjon
Storebø
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus og kreftomsorg. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.


Om stillinga

Austevoll kommune har ledig eit vikariat som fysioterapeut i 100% stilling frå januar 2027 til desember 2027. Organisatorisk tilhøyrer stillinga Ergoterapi og fysioterapitenesta og arbeidsstadet er på Helsehuset på Storebø.

Tenesta har i dag sju tilsette, som arbeider med førebygging, behandling og trening for born, vaksne og eldre. Tenesta bistår og med tilrettelegging og tilpasning av hjelpemidlar. Tilbodet rettar seg mot personar som treng hjelp til å ivareta eller forbetre sin funksjonsevne. 

Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra. 


Ansvar og arbeidsoppgåver

Ansvars – og arbeidsoppgåver:

Som fysioterapeut vil du hovudsakleg arbeide med barn og unge i alderen 0–16 år, men stillinga omfattar òg oppgåver retta mot eldre. Arbeidet har særleg vekt på førebygging, habilitering, rehabilitering og tilrettelegging.

Aktuelle arbeidsoppgåver er:

  • Kartlegging, screening, testing og oppfølging av barn og unge.
  • Fysioterapeutisk oppfølging og tilrettelegging i barnehage, skule, helsestasjon, heim og ved Helsehuset.
  • Planlegging og gjennomføring av trening i basseng.
  • Førebyggande arbeid, habilitering og rehabilitering.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper og tenester.
  • Arbeid med individuell plan og koordinatoroppgåver.
  • Rettleiing og kunnskapsformidling til føresette, andre yrkesgrupper og samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Erfaring og kompetanse innan born og unge er ein fordel
  • Førerkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT

 

Personlege eigenskapar:

  • Likar å arbeide med mennesker
  • Fagleg engasjert
  • Har gode samhandlingsevnar
  • God på relasjonsbygging og evne til å motivere
  • Ansvarsbevisst, fleksibel, og løysningsorientert
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Ha evne til å jobbe tverrfagleg
  • Ha god systemforståelse, samt ferdigheiter innenfor data- og fagprogrammer

Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett, må legge fram tuberkuloseattest og politiattest i samsvar med gjeldande regelverk.


Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar og varierte arbeidsdagar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt tverrfaglig samarbeid
  • Helsehus med fine lokaler
  • Bil i teneste
  • Mogleg å pende

Slik søker du på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Kontaktpersoner
Laila Taraldsen
Leiar ergo- og fysioterapitenesta
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter