Barnehagelærar 

Stilling
Barnehagelærar
Lokasjon
Aurland
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
10. des.
Få påminnelse
22 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Har du lyst til å bidra til eit godt oppvekstmiljø?

Me har ledig 100% mellombels stilling som barnehagelærar i Aurland barnehage i perioden 01.02.27 - 14.08.27.

Er du ein engasjert barnehagelærar som brenn for barna sin utvikling, leik og læring? Då ynskjer me deg med på laget vårt!

I Aurland barnehage jobbar me for at alle barn skal oppleve tryggleik, meistring, vennskap og glede i kvardagen. Me ser etter ein positiv og engasjert barnehagelærar som vil vere med å skape gode opplevingar og eit inkluderande oppvekstmiljø.

Aurland barnehage er ein moderne og funksjonell barnehage som stod ferdig i mars 2022. Me har fire avdelingar, 51 barn og 16 tilsette. Barnehagen ligg fint til med nærleik til skule, bibliotek, fleirbrukshall og flotte naturområde. Med naturen tett på har me gode moglegheiter for leik, utforsking og læring ute, og me ynskjer oss ein kollega som ser verdien av å ta naturen i bruk saman med barna.

Hjå oss får du høve til å bidra med din kompetanse, dine idear og ditt engasjement i eit fagleg fellesskap.


Arbeids- og ansvarsområde

  • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet med barna.
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø.
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar.
  • Ta ansvar for faglege oppgåver og bidra i utviklingsarbeidet.
  • Samarbeidegodt med barn, føresette og kollegaer.
  • Arbeide i tråd med rammeplan, årsplan og gjeldande lover og forskrifter.
     

Kvalifikasjonar

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar.
  • Anna relevant tre-årig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i småbarnspedagogikk.
  • Studentar vert òg oppmoda om å søke.

Me tilbyr

  • Ein moderne barnehage med gode fasilitetar.
  • Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø.
  • Høve til fagleg utvikling og påverknad.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter garantitabell i KS Hovedtariffavtale.
  • Startløn med minimum seks års ansiennitet.
  • God ordning for etter- og vidareutdanning.
  • Gratis tilgang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen.
  • Å formidle kontakt med utleigarar ved behov for bustad.

Har du behov for barnehageplass? Informasjon får du ved å  følge lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er ein trygg, omsorgsfull og engasjert vaksen.
  • Er oppteken av barna sin trivsel, leik og utvikling.
  • Trivst ute og likar å legge til rette for gode opplevingar i naturen.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Tek initiativ og ynskjer å bidra til fagleg utvikling.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • Tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Krav om politiattest etter barnehagelova av nyare dato må vere levert, og vurdert av leiar, før oppstart.

Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.


Kontaktpersoner
Ellen Margrethe Koller Selland
Styrar Aurland barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter