Nokre timar i veka. Stor betydning for mange ungdommar.

Stilling
Miljøarbeidarar, 20% stilling fast
Lokasjon
Aukra
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Bli med og skap dei gode møteplassane for ungdom i Aukra. Nokre timar i veka kan bety mykje for ein ungdom.

I Aukra kommune arbeider vi for at alle ungdommar skal ha ein plass å høyre til. På våre møteplassar skal ungdom kjenne seg velkomne, få nye vennskap, oppleve meistring og bli møtt av trygge vaksne som ser dei.

No søkjer vi ein miljøarbeidar i 20 % stilling som vil vere med på dette viktige arbeidet.

Dette er ikkje berre ein deltidsjobb. Det er ei moglegheit til å vere med og skape dei gode opplevingane, samtalane og fellesskapa som kan bety ein forskjell i ungdomstida. Gjennom ungdomsklubb, aktivitetar og møteplassar får du vere ein viktig vaksenperson som lyttar, støttar og bidreg til at ungdom kjenner seg inkluderte og verdsette.

Du blir del av eit engasjert team som kvar veke jobbar for å skape trivsel, tilhøyrsel og gode opplevingar for ungdom i Aukra.

 

Om stillinga

Som miljøarbeidar vil du vere med å utvikle og gjennomføre aktivitetar på møteplass for ungdom både på Gossen og i Julsundet. Du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der relasjonar, aktivitetar og ungdomsmedverknad står sentralt.

Vi ønskjer å gi ungdommane i Aukra arenaer der dei kjenner at dei høyrer til, blir inkluderte og får vere seg sjølve. Derfor ser vi etter ein trygg og engasjert person som ønskjer å bidra til eit levande ungdomsmiljø i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

  • Skape og vidareutvikle opne, trygge og inkluderande møteplassar for ungdom
  • Planlegge og gjennomføre ungdomsklubbkveldar og «Etter skuletid»
  • Vere ein synleg og trygg vaksenperson som byggjer gode relasjonar til ungdom
  • Leggje til rette for aktivitetar som fremjar fellesskap, meistring og deltaking
  • Samarbeide med ungdom, føresette, frivillige lag og kommunale tenester
  • Bidra i planlegging av årshjul og aktivitetsplanar i samarbeid med ungdommane sjølve
  • Delta i utviklinga av framtidas ungdomstilbod i Aukra kommune

 

 Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, fagbrev og eller erfaring frå ungdomsarbeid er ønskeleg, men ikkje eit krav. Relevant erfaring og personleg eignaheit kan kompensere for formell utdanning
  • Har god digital kompetanse og forståing for korleis ein kan nå ungdom gjennom digitale kanalar
  • Har interesse for gaming, e-sport eller andre ungdomskulturelle aktivitetar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig innanfor dei gitte rammer
  • Gode samarbeidseigenskapar og vere ein god rollemodell
  • Kjennskap til og interesse for kultur i Aukra og trendar blant ungdom
  • Har førarkort klasse B

 

 Vi tilbyr:

  • Ei spennande og meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell
  • Moglegheit til å påverke og utvikle ungdomstilbodet i Aukra kommune
  • Eit engasjert fagmiljø med gode kollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
  • Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
  • Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement

 

Kven er du?

Du treng ikkje vere ungdom for å jobbe med ungdom. Det viktigaste er at du bryr deg om korleis ungdom har det, og ønskjer å vere ein vaksen som ser, lyttar og bidreg til at alle kjenner seg inkluderte.

Kanskje er du student, har ein annan jobb ved sida av, eller ønskjer å bruke erfaringa di til noko meiningsfullt. Dersom du er god på relasjonar, likar å skape aktivitet og ønskjer å bidra til at ungdom får ein god oppvekst i Aukra, håpar vi at du søkjer.

Nokre timar i veka kan utgjere ein stor forskjell. Kanskje er det nettopp du som skal vere med og skape dei gode møteplassane for ungdom i Aukra?

 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Kontaktperson
Kultursjef Anne Jorunn Sandøy mob. 959 07 055.

Søknadsfrist 2. november 2026


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter