Barne- og ungdomsarbeidar Julsundet skole -100% fast stilling

Stilling
Barne- og ungdomsarbeidar
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
04. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Likar du å leggje til rette for leik, aktivitet og læring, og ønskjer du å bidra til at elevar utviklar seg både sosialt og fagleg?

Ved Julsundet skole, som ligg på fastlandet berre eit kvarters køyretur frå Molde, har vi no ledig ei 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar.

På Julsundet skole er vi opptekne av å byggje eit sterkt lag rundt elevane. Vi har tru på utvikling gjennom samarbeid og samhandling, der ulike yrkesgrupper bidreg med sin kompetanse og arbeider saman for elevane sitt beste.

Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. Saman skal vi leggje til rette for læring for alle og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle.

       Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp enkeltelevar og grupper med behov for fagleg og sosial støtte gjennom heile skolekvardagen og SFO- tida 
  • Høyre til i laget rundt eleven
  • Delta i tilrettelegginga innanfor handlingsrommet og toleransevindauget eleven har
  • Tilrettelegge for alternative aktivitetar for elevar som treng ei anna tilnærming til læring
  • Samarbeide med dei ulike yrkesgruppane på skolen

     Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant fagbrev kan òg vurderast.
  • Gode norskkunnskapar og god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne.
  • Erfaring med og interesse for arbeid med elevar, både individuelt og i grupper.
  • Evne til å planleggje, organisere og gjennomføre aktivitetar for elevar.

    Personlege eigenskapar

  • Du har eit positivt elevsyn, er raus og uredd og har evne til å skape gode relasjonar til elevane.
  • Du tek i bruk varierte arbeidsmetodar og evnar å motivere elevane.
  • Du er fleksibel, utviklingsorientert og løysingsorientert.
  • Du har høge ambisjonar på vegne av kvar enkelt elev.
  • Du er god på samarbeid.
  • Du kan arbeide med alle elevane våre, uavhengig av alder og funksjonsnivå.
  • Du er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver, og er førebudd på å ta på deg ulike oppgåver etter behov.

      Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
    • Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
    • Tett samarbeid med ulike faggrupper
    • Eit godt arbeidsmiljø

 

 Tilsetjing så snart som mogeleg.

 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Jf. offentleglova § 25. Du blir varsla om ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.

Søknad:
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Søk via knappen "søk her".


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter