Vil du bli ein del av teamet vårt ved kjøkkentenesta på Askvoll omsorgssenter? Vi har ledige stillingar som

Stilling
Kokk med fagbrev - kjøkkentenesta ved Askvoll omsorgssenter
Lokasjon
Askvoll
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søker etter engasjerte og dyktige kokkar til kjøkkenet vårt på Askvoll omsorgssenter. Som kokk ved Askvoll omsorgssenter vil du ha ei sentral rolle knytt til kosthald, ernæring og matglede. Du vil spele ei viktig rolle i kjøkkentenesta og kunne bidra til å utvikle kvalitet i matproduksjonen. Di interesse og kunnskap om kosthald og ernæring vil ha stor betydning for våre bebuarar og heimebuande.

I vår kommune er vi opptekne av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Primæroppgåva til kjøkkentenesta er å lage mat til bebuarane ved Askvoll omsorgssenter, i tillegg til dagsenter og heimebuande som får levert middagen heim.

Vi har følgjande ledige stillingar:

  • 100% fast stilling som kokk frå 01.01.2027
  • 14% fast helgestilling som kokk frå snarast

Stillingane inngår i turnus med arbeid på dagtid og helg, med arbeidstid etter 35,5 t/veke. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til 14% helgestilling, kan søkjarar med anna relevant erfaring og kompetanse vurderast. Ver venleg å oppgje i søknaden kva stilling du søkjer på.

Arbeidsoppgåver:

  • Produksjon av varm og kald mat
  • Menyplanlegging
  • Vareplassering
  • Oppvask/reinhald av kjøkken samt førefallande arbeid på kjøkken
  • Arbeide for eit godt mattilbod for pasientane
  • Arbeide i tråd med lovpålagde kvalitetsstandardar
  • Bidra til utvikling av gode mat- og ernæringstenester
  • Kjøkkentenesta nyttar Mathilda som planleggingsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

 Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som kokk
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Erfaring frå arbeid som ernæringskokk vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Nøyaktig og ansvarsbevisst
  • Arbeide systematisk i eit tidvis hektisk miljø
  • Vere lojal og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Gode samarbeidsevner

 Vi tilbyr: 

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP
  • Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandboka for Askvoll kommune

 Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Frank Vagstad Eimhjellen
Einingsleiar Askvoll omsorgssenter
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter