Er du vår nye einingsleiar i Bu- og miljøtenesta? Vi har ledig stilling som

Stilling
Einingsleiar ved bu- og miljøtenesta - 100% fast stilling
Lokasjon
Askvoll
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi ser etter einleiar som kan inspirere, motivere og leie med kunnskap og empati. Er du klar for å ta utfordringa?

Helse- og omsorgsetaten søkjer etter einingsleiar til Bu- og miljøtenesta i Askvoll kommune. Dette er ei administrativ 100%  fast stilling frå snarast, og vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø.

Bu- og miljøtenesta har blant anna ansvar for aktivitetstilbod, butilbod i omsorgsbustader, tiltak i heim, BPA, omsorgsstønad, støttekontakt, avlastningstilbod. Vi er i ferd med å sjå på andre måtar å organisere tenesta på, og du vil vere ein naturleg bidragsytar og pådrivar i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for dagleg drift
  • Personal- , økonomi- og fagansvar i samsvar med oppsette mål og rammer
  • Samhandling med tenestemottakarar og deira pårørande
  • Samarbeid og samhandling med andre internt og eksternt
  • Vidareutvikling av tenestene
  • Årsturnus
  • Internkontroll

 Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, fortrinnsvis vernepleiar. Anna relevant utdanning på bachelor eller masternivå kan bli vurdert.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing og administrasjon samt leiarerfaring

Personlege eigenskapar:

  • Er tydeleg og har evne til å leie andre
  • Har god kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Har ei løysningsorientert innstilling
  • Godt humør og positiv innstilling

Vi tilbyr: 

  • Sjølvstendig stilling
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • Offentleg forsikring og pernsjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad


Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Hilde Gunn Yndestad Halland
Kommunalsjef helse og omsorg
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter