På jakt etter nye utfordringar? Vi ser etter ein tydeleg og strategisk leiar som er oppteken av framtida og utviklinga av oppvekstområdet i kommunen vår.
Vår noverande kommunalsjef for oppvekst går av med pensjon , og vi søkjer ein ny engasjert kommunalsjef i fast 100% stilling som vil ta stafettpinnen vidare. Tiltreding etter avtale.
Som kommunalsjef for oppvekst får du ei nøkkelrolle i utviklinga av Askvoll kommune og blir ein del av leiargruppa til kommunedirektøren. Du får det overordna strategiske, faglege og økonomiske ansvaret for ein sektor med for tida fire skular, fem kommunale barnehagar, bibliotek, kulturskule (der Hyllestad kommune har vertskommuneansvaret) og PPT - pedagogisk-psykologisk-teneste (der Fjaler kommune har vertskommuneansvaret).
Vi søkjer etter ein leiar som er utviklingsorientert og som saman med dyktige tilsette i organisasjonen ønskjer å vidareutvikle eit framtidsretta oppvekstmiljø til det beste for kommunen.
Ansvar og hovudoppgåver:
- Drive pedagogisk og anna utviklingsarbeid i sektoren
- Arbeide for gode oppvekstvilkår i kommunen
- Leiaroppfølging av rektorar, styrarar, biblioteksjef og leiar for PPT-samarbeidet
- Sikre god samordning av dei økonomiske og menneskelege ressursane
- Medverke til god resultatutvikling i høve vedtekne mål
- Medverke til at etaten vert ein god og utfordrande arbeidsplass for alle tilsette
- Utvikle gode samarbeidsforhold, byggje tillit og skape engasjement i organisasjonen
- Ta aktivt del i interkommunalt samarbeid
Det er ønskjeleg med desse kvalifikasjonane:
- Leiarerfaring frå oppvekstsektoren og gode samarbeidsevner
- Relevant universitets- og/eller høgskuleutdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring og utdanning på bachelornivå kan kompensere for kravet om mastergrad
- Pedagogisk utdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Har ein open og tydeleg kommunikasjon
Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personleg eignaheit, utdanning og erfaring innan leiing.
Vi kan tilby:
- Meiningsfulle, spennande og allsidige arbeidsoppgåver
- Eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
- Løn etter avtale
- Tenestepensjon i KLP
Flytteutgifter vert dekka etter eige reglement.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir opplysningar.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her