Tilkallingsvikarar - eining for omsorg
Åseralsheimen og heimetenesta i eining for omsorg har behov for å fylle på med fleire dyktige
tilkallingsvikarar.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg som sto ferdig hausten 2020. Her er det institusjonsplassar og fleire omsorgsbustadar til menneske med ulike behov.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.
Vi arbeider for at pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og er opptekne av at den enkelte skal få gode og framtidsretta tenester.
Vi treng fleire tilkallingsvikarar, både på Åseralsheimen og ute i heimetenesta.
Vi søkjer etter deg som;
ønskjer å arbeide med eldre
er lære- og samarbeidsviljug
er fleksibel og arbeidssom
Det vil vere ein fordel om du går du på helsefagleg utdanning, men andre kan og søkje. Opplæring vil bli gitt.
Har du ledig tid på kveld, helg og i feriar og tenker at dette kan vere noko for deg?
Send inn ein søknad eller ta gjerne kontakt viss du har spørsmål.
Arbeidsoppgaver
Arbeids og ansvarsområde er mellom anna:
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Kjenne til og bruke eininga sine prosedyrer og rutiner
- Syte for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - p.d.d. Profil
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som helsefagarbeider.
- Studentar/elever som tek helsefaglig utdanning.
- Andre med erfaring frå liknande arbeid eller med interesse for faget.
Merknad: Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.
Søkjar må ha førarkort klasse B for å kunne arbeide i heimetenesta.
Personlige egenskaper
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
- Gode samarbeidsevner
- Punktleg og strukturert
- Fleksibel og positiv
- Lærevillig og sjølvstendig
- Gode datakunnskaper
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Tariffesta løn og god pensjonsavtale i KLP
- Lokal lønnsavtale for elevar og studentar i relevant utdanning
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.noArbeidssted
Gardsvegen 94540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5214570100
Stillingsprosent: 2%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.12.2026