100% fast stilling som helsefagarbeidar
Vil du bli ein del av vårt flotte team? Eining for omsorg har ledig ei 100% fast stilling for helsefagarbeidar.
Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.
Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta.
Stillinga høyrar hovudsakleg til inne på Åseralsheimen, men dette behovet kan bli endra.
For tida er det tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg.
Arbeidsoppgaver
Eininga arbeidar for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverarar tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Arbeids og ansvarsområde er mellom anna:
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil
- Halde seg fagleg oppdatert
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller liknande fagbrev
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjar må ha førarkort klasse B
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlige egenskaper
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- God kjennskap til bruk av IKT
- Fleksibel og positiv
- Glad i utfordringar
- Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter lov og avtaleverk
- Gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Støtte til kompetanseheving
- Variert og meiningsfull arbeidshverdag
- Godt fag- og arbeidsmiljø
- Opplæring og rettleiing med mentor
- Hjelp til å finne bustad
- Gratis SFO
- Barnehageplass i kommunen
Sjekk ut korleis det er å bu og jobbe i Åseral: https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5182658364
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026