Automatikar med nøkkelrolle i moderne smoltproduksjon
Som automatikar på Sævareid Bruk AS blir du ein viktig del i eit moderne settefiskanlegg. Du får ein variert arbeidskvardag der du er tett på både prosess, produksjon og teknologi, med eit bredt spekter av oppgåver innan automasjon og elektro. Du vil ha ei sentral rolle i drift, vedlikehald og vidare utvikling av anlegget.
Hovudoppgåver-
Drift, vedlikehald og feilsøking på automasjonsanlegg, instrumentering og styringssystem
-
Delta i dagleg drift og vedlikehald av tekniske anlegg
-
Overvaking og optimalisering av prosesskontroll for stabil, trygg og effektiv produksjon
-
Bidra i prosjekter for forbetring, oppgradering og utvikling av nye tekniske løysingar
-
Samarbeide tett med teknisk personell, driftsoperatørar og leverandørar
-
Dokumentere arbeidet og bidra til strukturert, forutsigbar og sikker drift
-
Fagbrev som automatikar eller elektrikar med erfaring frå automasjon
-
Erfaring frå drift og vedlikehald, gjerne frå prosess og/eller frå sjømatnæringa
-
Erfaring med tilstandsbasert vedlikehold og bruk av vedlikeholdssystem
-
Erfaring med instrumentering og analyse, som feilsøking, kalibrering, oppsett og testing
-
Kjennskap til ulike styringssystem og programmering er ein fordel
-
Er praktisk- og løysingsorientert
-
Har god gjennomføringsevne, tar ansvar og skapar gode resultat
-
Arbeider systematisk og strukturert, planlegg godt, og gjer tydelege prioriteringar
-
Er fagleg dyktig og ønskjer å utvikle deg vidare
-
Samarbeider godt, og deler kunnskap og erfaringar med andre
-
Kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg
Me tilbyr ei spennande moglegheit i eit framtidsretta konsern i vekst. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, moderne fasilitetar og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. I tillegg tilbyr me konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.