Økonomi- og rekneskapsmedarbeidar -- Hotel Alexandra AS

Stilling
Økonomi- og rekneskapsmedarbeidar
Lokasjon
Loen
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. nov.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere med å vidareutvikle økonomifunksjonen i ei av Vestlandets leiande reiselivsverksemder?

Alexandra konsernet ( Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Hoven Restaurant og Loen Active) søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til økonomiavdelinga vår.

Som ein del av økonomiteamet vårt vil du få ei sentral rolle i den økonomiske oppfølginga av verksemda.

Vi er opne for kandidatar med ulik bakgrunn og erfaring -- både deg som har solid erfaring frå økonomi- og rekneskapsarbeid, og deg som har relevant utdanning og ønskjer å byggje vidare på kompetansen din.

Arbeidsoppgåver
  • Løpande rekneskapsføring og økonomisk oppfølging

  • Fakturahandtering, betalingsoppfølging og avstemming

  • Kontroll og kvalitetssikring av rekneskapsdata

  • Månadsavslutning og arbeid knytt til årsoppgjer

  • Økonomisk rapportering og analyse

  • Oppfølging og vidareutvikling av rutinar og internkontroll

  • Bidra til digitalisering, effektivisering og forbetring av arbeidsprosessar

  • Andre relevante oppgåver innan økonomi og administrasjon

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver vil bli tilpassa kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett.

For den rette kandidaten vil det vere gode mogelegheiter til å ta eit større fagleg ansvar.

Kvalifikasjonar

Vi ser gjerne at du har:

  • Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon, gjerne på høgskule- eller universitetsnivå

  • Erfaring frå rekneskapsarbeid, økonomistyring eller tilsvarande oppgåver

  • God forståing for rekneskap og økonomiske prosessar

  • God digital kompetanse og erfaring med økonomisystem og Excel

  • Interesse for systemutvikling, effektivisering og gode arbeidsprosessar

  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for formell utdanning.

  • Vi oppmodar både erfarne kandidatar og nyutdanna med relevant kompetanse til å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som arbeider strukturert og nøyaktig, tek ansvar og har god gjennomføringsevne.

Du trivst med sjølvstendige oppgåver, men set også pris på samarbeid og kunnskapsdeling.

Du er analytisk, løysingsorientert og har interesse for å forstå samanhengar, utvikle rutinar og bidra til gode resultat.

Vi tilbyr
  • Ei spennande, fast stilling i ei solid og framtidsretta reiselivsverksemd

  • Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

  • Varierte arbeidsoppgåver og innsikt i ei verksemd med fleire forretningsområde

  • Mogelegheit for fagleg utvikling, ansvar og påverknad

  • Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

  • Arbeidsplass i Loen, midt i den vakraste naturen i Noreg

Vil du bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Teknologier og programvare
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter