Vil du vera med å bidra til ei god matoppleving for gjestene våre?
Arna seniorsenter held til i Arna kyrkjelydshus og er ope tysdagar og torsdagar i skuleåret. Me lagar mat for servering og utkjøring begge desse dagane, og ønskjer å tilby god og heimelaga tradisjonsmat.
Me søkjer ein engasjert kokk som - saman med kjøkkenassistent, dagleg leiar og fleire frivillige medarbeidarar - vil vera med å gjera Arna Seniorsenter til ein triveleg stad for gjestene våre!
ARBEIDSOPPGÅVER:
-
Matlaging
-
Utvikla menyar og mattilbod til gjestene våre
-
Utføra reinhald og rutiner som sikrar trygg mat. Bidra med IK-kompetanse.
-
Varebestilling, varemottak
-
Kontakt med gjestene
KVALIFIKASJONAR:
-
Kokk, gjerne fagbrev som institusjonskokk
-
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
-
Må beherska norsk godt
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
-
Løysingsorientert og fleksibel
-
Gode samarbeidsevner
-
Nøyaktig og ansvarsbevisst
-
Bidra til eit godt arbeidsmiljø for tilsette og frivillige
ME TILBYR:
-
Dagjobb tysdagar og torsdagar i skuleåret.
-
Gode og ordna arbeidsforhold. Tariffløn.