Rådgjevar i Årdal Utvikling

Stilling
Bedriftsrådgiver
Lokasjon
Øvre Årdal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Engasjement
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. des.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland? 

Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med på samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Stillinga er eit engasjement på to år i ei 100% stilling.

Hva vi ser etter

Me ser etter deg som har har interesse for samfunn- og næringsutvikling. Om nokre av punkta me ser etter nedanfor høyres midt i blinken ut for deg, ynskjer me veldig gjerne å høyre frå deg.

Arbeidsoppgaver

Me jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.

KVA ME SER ETTER

Me søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:

· Gründerskap/førstelinjeteneste. Du vil ha ansvar for å rådgjeve gründerar og legge til rette for små og store verksemder for å sikre eit variert og mangfaldig næringsliv.

· Reiseliv. Du har gjerne erfaring eller utdanning innan reiseliv. Me har konkrete handlingsplanar med eit mål om å vidareutvikle reiselivet i kommunen på eit berekraftig nivå.

· Omdømebygging. Du er gjerne god på kommunikasjon. Me skal profilere det gode arbeidet me gjer lokalt og regionalt. Nettverksbygging, kommunikasjon og representasjon er viktige område for oss.

· Prosjektarbeid. Om du har erfaring innan prosjektarbeid er det ein fordel. Mykje av arbeidet vårt er prosjektrelatert saman med andre lokale og regionale aktørar.

· Berekraft/ omstilling. Dette vil vere eit sentralt punkt og er grunnlaget for framtidas samfunnsutvikling i Årdal og i regionen.

Engasjementet varar i to år, med moglegheit for forlenging/fast stilling.

Vi tilbyr

  • Du får arbeide med interessante, spennande og allsidige oppgåver.

  • Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold.

  • Me har kontor i Årdal Teknologi- og Næringspark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid.

  • Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal -- midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo.

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter