Helsesjukepleiar – 50% fast stilling
Vil du vere med og gjere ein forskjell for born, ungdom og familiar i Årdal?
Ved Helsestasjonen i Årdal kommune har me ledig 50 % fast stilling som helsesjukepleiar. Me søkjer deg som er engasjert i førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ynskjer ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid på tvers av fagområde.
Ei viktig teneste for innbyggjarane våre
Helsestasjonen i Årdal kommune omfattar helsestasjon for sped- og småborn, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og vaksinering. Fysioterapeut for born og gravide og helsestasjonslege er tett knytte til tenesta.
Du blir ein del av eit fagmiljø med 4,5 helsesjukepleiarstillingar som saman gir tenester til fem barnehagar, to grunnskular og den vidaregåande skulen i kommunen. Helsestasjonen er samlokalisert med legekontoret i Øvre Årdal, noko som legg til rette for godt samarbeid og korte vegar mellom tenestene.
Hjå oss møter du kollegaer som er opptekne av fagleg kvalitet, utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø der me støttar kvarandre i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
Som helsesjukepleiar vil du arbeide innan helsestasjon og skulehelseteneste i tråd med nasjonale faglege retningslinjer. Arbeidskvardagen omfattar førebyggjande og helsefremjande arbeid retta mot born, ungdom og familiar, både gjennom individuelle konsultasjonar og arbeid i grupper.
Du vil bidra i tverrfagleg samarbeid med kollegaer og andre tenester, delta i fagutvikling og drive undervisning, rettleiing og vaksinering som ein del av tenesta sitt samla tilbod.
Kven er du?
Me ser etter deg som er autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar, eller mastergrad i klinisk sjukepleie med fagområde helsesjukepleie.
Studentar under vidareutdanning til helsesjukepleiar er også velkomne til å søkje. Sjukepleiarar utan vidareutdanning kan bli vurderte dersom dei er motiverte for å ta utdanning innan fagområdet.
Det er ein fordel at du trivst med å arbeide sjølvstendig, samstundes som du ser verdien av godt samarbeid. Du kommuniserer godt med menneske i ulike livssituasjonar og ønskjer å bidra til eit positivt fagmiljø.
Det er krav om førarkort og moglegheit til å disponere eigen bil.
Kvifor velje Årdal kommune?
Hjå oss får du ein meiningsfull jobb der du bidreg til å styrkje helsa og livskvaliteten til born og unge. Du blir del av eit kompetent fagmiljø med høgt fagleg nivå, etablert tverrfagleg samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
Me tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP og eit arbeidsmiljø prega av trivsel, samarbeid og engasjement.
Velkomen som søkjar!
Andre opplysningar
- Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
- Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her