Fagdirektør

Stilling
Fagdirektør
Lokasjon
Oslo
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
19. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Vi søker ein dyktig og motivert jurist til juridisk seksjon i Arbeidsmarknadsavdelinga.

Seksjonen består i dag av ti juristar med solid erfaring.


Arbeidsoppgåver

Seksjonen har ansvar for eit breitt spekter av regelverk på ulike område av arbeidsmarknaden. Dette omfattar mellom anna reglane om dagpengar ved arbeidsløyse og permittering og regelverket for arbeidsmarknadstiltak. Seksjonen har òg ansvar for EØS-reglane om fri rørsle for personar og føresegnene i utlendingslova om arbeidsinnvandring frå tredjeland.

Andre ansvarsområde er mellom anna lov om allmenngjering av tariffavtalar, lov om statsgaranti for lønskrav ved konkurs med meir og dei alminnelege aldersgrensene i arbeidslivet.

Vi søker ein erfaren og kompetent juridisk fagdirektør innan utlendingsfeltet.


Kva slags bakgrunn har du?

Du har

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • solid og brei erfaring frå utlendingsfeltet, med særleg kompetanse innan arbeidsinnvandring frå tredjeland
  • god kjennskap til EØS-reglane om fri rørsle for personar
  • erfaring med lov- og forskriftsarbeid i departement
  • erfaring frå direktorat eller anna underliggande verksemd
  • erfaring med prosjektleiing i større prosjekt
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Kven ser vi etter?

Du

  • har godt juridisk skjønn, er strukturert og arbeider sjølvstendig
  • har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • trivst med å arbeide i skjeringspunktet mellom fag og politikk
  • set deg raskt inn i nye problemstillingar, tenker heilskapleg og bidrar i tverrfaglege samanhengar

Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.


Kva får du hos oss?

  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar på komplekse og utfordrande fagområde. 
  • Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
  • Lønn vil ligge mellom 900 000 og 1 070 000 kroner avhengig av kvalifikasjonane og erfaringa di. 
  • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommar- og vintertid og pensjons- og forsikringsordning  gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden. 
  • Du får også høve til å trene i arbeidstida.

Les dette før du søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Andre vilkår

  • Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.
  • For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.

Kontaktpersoner
Cathrine Opstad Sunde
Avdelingsdirektør
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter