Etablert
2010
Hovedkontor
Leikanger
APILITY AS
I Apility utviklar vi teknologi for reiselivs- og opplevingsnæringa. Løysingane våre blir brukte av museum, attraksjonar, aktivitetstilbydarar og andre verksemder som kvar dag tek imot og skaper opplevingar for tusenvis av gjester.
Entrii er hovudsatsinga vår -- ei moderne plattform for billettsal, booking, arrangement og administrasjon av opplevingar. I tillegg utviklar og driftar vi andre digitale produkt og tenester, og byggjer integrasjonar som knyter saman billettsystem, betalingsløysingar, kassasystem, tilgangskontroll og andre sentrale delar av den digitale kundereisa.
Vi held til midt i Sogn, i ein av dei sterkaste reiselivsregionane i Noreg. Her har vi nokre av landets mest besøkte reisemål og opplevingsaktørar i nærleiken, og får sjå på nært hald korleis teknologi fungerer når ho møter den verkelege kvardagen til både gjester og dei som jobbar i næringa.
Vi er eit lite teknologiselskap med korte vegar frå idé til handling, tett kontakt med kundane våre og store ambisjonar for det vi byggjer. Målet er å utvikle teknologi som kan vere med på å forme framtidas reiselivs- og opplevingsnæring.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.