Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll?

Stilling
BPA assistent
Lokasjon
Bekkjarvik
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
-
Få påminnelse
-
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

På vegne av arbeidsleiaren vår i Austevoll søkjer vi no etter nye BPA-assistentar. Arbeidsleiaren klarer seg godt sjølv i kvardagen, men på grunn av synsnedsetjing har han behov for praktisk bistand til enkelte daglege gjeremål.

Som BPA-assistent vil du bidra til at kvardagen går litt enklare. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere handling, rydding og vask i heimen, matlaging og lettare vedlikehald. Du må også kunne vere med på aktivitetar, trening, transport og reiser. 

Vi søkjer etter éin til to faste assistentar, i tillegg til tilkallingsvikarar.

Arbeidsoppgåver

  • Husarbeid og praktisk bistand i heimen
  • Lettare vedlikehald inne og ute
  • Bistand med matlaging
  • Vere med på handleturar
  • Assistere ved transport
  • Bistå ved kortare og lengre reiser
  • Vere med på aktivitetar og trening

Arbeidstid

  • Arbeidet vil hovudsakleg vere på dagtid og elles etter avtale med arbeidsleiar.

Ønska kvalifikasjonar

  • Har førarkort klasse B
  • Har tilgang til eigen bil
  • Har gode norskkunnskapar
  • Er påliteleg, fleksibel og trivst med praktiske arbeidsoppgåver
  • Personleg eigenheit og god kjemi med arbeidsleiar vil bli tillagt stor vekt.
  • Dette kan vere ei fin stilling for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull jobb, der du bidreg til at ein annan person kan leve eit sjølvstendig og aktivt liv.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med stor betydning i kvardagen til eit anna menneske
  • Moglegheita til å bidra til auka livskvalitet og sjølvstende
  • Eit nært og triveleg arbeidsmiljø
  • Grundig opplæring og tett oppfølging frå arbeidsgivar og arbeidsleiar
  • Tilgang til kurs og fagressursar gjennom NHI

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!

Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte koordinator Agnethe Lynn Ytrøy på ay@assent.no.

Kontaktpersoner
Agnethe Johanne Ytrøy
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter