Kokk til original thai mat i matvogn i Eidfjord Sentrum
Vi søker inntil 5 kokker, som kan koke original thai mat, i matvogn(food truck), i Eidfjord sentrum. Sesongarbeider - inntil 6 mnd. arbeidsavtale.
Vi koker og serverer original thai mat - street food. Du må kunne thai mat, med dei forskjellige smakane og kryddera. Utover det får du opplæring i korleis våre rettar skal smake, slik at dei smaker likt - uansett kven som lager dei.
Du må vere fleksibel, då det vert litt skift, og helgejobbing.
Hovedoppgåva består i koking av thai mat. Men du må også i forkant vere med på forberedelsar som kutting av grønnsaker, skjæring av kjøtt osv. Daglig reinhold i vogna er også blant arbeidsoppgåvene. Betjening av kunder og kasse må påregnes.
Det som er viktig er at du kan koke original thai street food, er systematisk - og ser kva som skal gjerast - i forkant. Det er og til tider stort arbeidspress, og det er viktig og vera hurtig, ha god orden - same ting på same plass - så ein slepp leita etter ting, legga plan - forbereda - både for seinare same dag - og sjå kva vi treng for morgondagen - og vidare. Ha kontroll på varelager. Med andre ord - arbeide sjølvstendig.
Det vil bli foreteke samtale/interjuv før ein evt. ansettelse.