Hordaland søker journalistar
På Voss er det sjeldan stille. Her møtest lokalpolitikk, reiseliv, ekstremsport, næringsliv og eit levande bygdeliv – og midt i smørauget sit Hordaland. Sidan 1883 har me vore den viktigaste kjelda til nyheiter, debatt og gode historier for folk på Voss og i nabokommunane.
I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet. Hos oss kjem du tett på både makt og menneske, har kort veg til kjeldene og merkar med ein gong når ei sak treffer blink. Med 13 gode kollegaer og eit opplag på 7.400 er me store nok til å setja dagsorden, og små nok til at vegen frå idé på morgonmøtet til lesarane er kort.
Som journalist i Hordaland får du bryna deg på alt frå kjappe nyheitssaker og kritisk journalistikk, til varme portrett og kvardagsliv. Me heiar på deg som vil testa ut nye forteljargrep for å nå endå fleire lesarar.
No skal me ha tak i to journalistar: Ei fast stilling og eit vikariat ut 2027.
Me vil ha tak i deg som..:
- … har nase for gode nyheiter og jobbar sjølvstendig med eigne idear
- … trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val
- … er uredd og brenn for journalistikk som avslører, opplyser og engasjerer
- … har evne til å skapa og formidla innhald som treffer nye målgrupper
- … skriv stødig og levande nynorsk, har førarkort for bil og jobbar frå Voss
Vil du vera eit friskt pust i ei av landets beste lokalaviser? Då bør du søka.
Spørsmål om stillinga? Ta kontakt med nyheitsredaktør Terje Hjartnes på 928 53 896 eller klubbleiar Ørjan Brattetveit på 416 23 262.