Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Sæbø skule 

Stilling
Undervisningsstilling - 100% vikariat - Sæbø skule
Lokasjon
Sæbøvågen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Sæbø skule i Alver kommune frå januar 2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon.  Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027.

Du kan lese meir om skulen  her. 


Om Sæbø skule

Sæbø skule er ein 1.-7.-skule i Alver kommune, idyllisk plassert i Austmarka på Radøy (ca. 15 min. frå Knarvik). 

Skulen har om lag 80 elevar, og eit engasjert personale som arbeider for å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø, prega av trivsel, meistring og fellesskap. 

Med nærleik til naturen og gode uteområde legg vi til rette for aktiv læring, utforsking og utvikling for alle elevar. 


Arbeidsoppgåver

  • planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar
  • systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
  • aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
  • skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte

Kvalifikasjonskrav 

Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse.

Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel. 

 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
  • Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
  • Oppfølging og rettleiing
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
 


Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter