100% Spesialsjukepleiar 

Stilling
Spesialsjukepleier Psykisk helse og rus - Fast 100%
Lokasjon
Lindås
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
10 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga 

Vi har ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar frå 20.01.2027. 

Vi søkjer deg som har erfaring frå psykisk helse- og rusfeltet, og som ønskjer å bruke fagkompetansen din i tett oppfølging av menneske over tid. Hos oss blir du ein del av kommunen sitt viktige samfunnsoppdrag: å sikre trygge og likeverdige tenester som støttar den enkelte i å meistre kvardagen og leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Arbeidstida er organisert i langvakter på 12,5 timar, med arbeid kvar fjerde helg. Den komprimerte arbeidstidsordninga gir færre oppmøtedagar og kan gjere det lettare å kombinere ein meiningsfull jobb med livet utanfor arbeidet.


Om eininga 

Psykisk helse og rus eining Lindås har eit heildøgnsbemanna butilbod ved Storbruhaugen omsorgsbustad pluss.

Tilbodet er for menneske med samansette psykiske helseutfordringar, med og utan avhengnadsproblematikk. Vi arbeider for trygge butilhøve og støttar den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv.

Som spesialsjukepleiar får du bruke erfaringa di i relasjonsarbeid, miljøterapeutisk oppfølging og faglege vurderingar. Med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og mål bidreg du til tryggleik, meistring og medverknad i kvardagen.

 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk oppfølging i heimen til tenestemottakaren
  • Relasjonsarbeid som fremjar tryggleik, tillit og meistring
  • Praktisk bistand og opplæring
  • Tilpassa hjelp og støtte i kvardagslege gjeremål
  • Legemiddeladministrering
  • Primærkontaktoppgåver
  • Dokumentasjon i pasientjournal

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Relevant videreutdanning (minimum 60 stp) innan psykisk helse og rusfeltet
  • Erfaring med miljøterapeutisk arbeid
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

  • Du er trygg i eigne faglege og etiske vurderingar og samarbeider godt med andre.
  • Du har eit genuint engasjement for målgruppa og ser mennesket bak utfordringane.
  • Du bruker erfaringa di til å byggje tillit og gode relasjonar over tid.
  • Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både skriftleg og munnleg.
  • Du er påliteleg og bidreg til eit trygt bumiljø og eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi tilbyr

  • Eit meiningsfullt arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Komprimert arbeidstidsordning med langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar fjerde helg
  • For tida høve til overnatting på arbeidsstaden
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling og høve til å bruke spesialkompetansen din
  • Kr 10 000 over garantilønsstigen
  • Tilsetjing i kapittel 4, i stilling med krav om fireårig universitets- eller høgskuleutdanning: kr 586 400–673 200
  • Pensjonsordning i KLP
  • Gratis parkering
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Kontaktpersoner
Marita Ulriksen Årseth
Einingsleiar PHR Lindås
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter