Spesialpedagog deltid -vikariat
Om stillinga
Pedagogisk støtteeining søkjer etter vikarer i vikariat frem til juni 2027. Tiltredelse vil vere så snart som mogleg, eller etter avtale med leiar.
Det er behov for fleire stillingar i ulike stillingstorleikar.
Sjukefråvær og behovet for spesialpedagogisk hjelp til barnehagebarn er varierande, og vil påverke storleiken og varigheita på vikariata.
Arbeidsoppgåver
Spesialpedagogane i Alver kommune har arbeidet sitt i både private og kommunale barnehagar i heile kommunen der det er barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet vert organisert i den einskilde barnehagen, med utgangspunkt i vedtak om spesialpedagogisk hjelp og rettleiing frå PPT
Kvalifikasjonskrav
Søkjar må ha godkjend utdanning som barnehagelærar.
Vidareutdanning i spesialpedagogikk og erfaring frå spesialpedagogisk arbeid er ønskjeleg.
Erfaring med ASK, mellom anna biletstøtte og teikn til tale, er ein fordel.
Me tilbyr
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
- Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring.
- God pensjonsordning.
- Fagnettverk
- Opplæring og rettleiing i arbeidet
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med barnehageloven § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede