Sjukepleiar - 100% fast

Stilling
Sjukepleiar Lindås bu- og servicesenter
Lokasjon
Lindås
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. okt.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Vi søkjer etter sjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus. I utgangspunktet er dette arbeid kvar 3. helg, men om du ønskjer kan det  vere mogleg med arbeid kvar 4. helg i langvakter. 
For eksterne søkjarar tilbyr vi rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding.


Om avdelinga

Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens.

Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg. Vi tilbyr ulike formar for aktivitet og underhaldning for våre bebuarar som bingo, konsertar, trim og mykje meir.

Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette.

For tida er det om lag 40 tilsette ved Lindås bu- og servicesenter.


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du vil også rettleie studentar, elevar, lærlingar og kollegaer. 


Kompetansekrav

Vi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.


Kven er du?

Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Årsturnus
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Kontaktpersoner
Ingrid L. Haugland
Einingsleiar Lindås bu- og servicesenter
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter